Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Seks månader før kontrakten går ut, bør ein sjekka status, meiner stipendiat Knut Melvær.
– Eg forstår at det kan vera vanskeleg å både finna ein komité og klara å samla komitémedlemmene. Men i mange tilfelle går det dobbelt så lang tid som det skal før ein får disputert, seier Knut Melvær. Han er stipendiat ved Det humanistiske fakultet, sit i fakultetsstyret som gruppe B-representant og sit òg i Stip-HF, som er ph.d-utvalet ved HF. Melvær seier at utvalet nyleg har fått innspel om at dei bør jobba med saka om ventetid. Sjekkpunkt før innspurten Han meiner at noko av det ein kan sjå på, er om ein kan gjera et meir attraktivt å sitja i ein komité. – I tillegg kan ein sjå føre seg ei midtvegsevaluering. I dag har ein dette for kandidatane, men ein kan sjå føre seg ei liknande ordning for forskingsadministrasjonen. Ein bør ha eit sjekkpunkt, til dømes seks månader før kandidaten sin kontrakt går ut, der ein sjekkar korleis det går med avhandlinga og om ein er komen så langt at ein kan byrja arbeidet med å finna komité. I mange tilfelle sit kandidatane og skriv heilt opp til tidspunktet der kontrakten går ut, og så startar arbeidet med å finna komité etterpå, seier Melvær. Han meiner òg at ein bør kunne ha meir uttalte forventningar om kven som skal setja i gang ein komitéprosess. – Det ante meg På Høyden presenterte i går ei sak som fortel at medan det tek ti veker å få disputert ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, tek det opp mot eit halvt år både ved Det humanistiske og Det juridiske fakultet. – Paragrafen er klar, den seier at disputas bør skje innan tre månader. Skilnadane kan ha med faga sin eigenart å gjera, eller òg kanskje at det er større press på mat.nat, meiner Melvær. Han seier at for mange stipendiatar kan lang få ventetid svært praktiske konsekvensar, som tap av kontorplass, e-postkonto som vert stoppa og ikkje lenger tilgang til biblioteket, og òg økonomiske konsekvensar. – Dette er ei sak me i Stip-HF kjem til å jobba meir med, seier Melvær.
– Ideelt sett burde ein klara å avvikla disputas innan tre månader etter at avhandlinga vart levert. For å få det til er det fleire ting ein kan vurdera, meiner Melvær.
– Det ante meg at det var slik, seier Melvær om tala som viser at det er stor skilnad mellom faga.