Ønskjer seg fleire faste stillingar

Publisert

– Det er logiske og historiske grunnar til at Griegakademiet har mange små og mellombelse stillingar, seier instituttleiar Frode Thorsen.

– Me meiner at me ikkje har så mange problematiske mellombelse stillingar – juridisk sett, seier dekan Gjert Kristoffersen.

Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet handsama førre veke ei sak med tema mellombelse stillingar ved fakultetet. Konklusjonen er at fakultetsleiinga skal følgja opp saka vidare. På Høyden har tidlegare skrive at 24 prosent av dei vitskapleg tilsette ved UiB ikkje har fast stilling.

Spesialiststillingar
I saksframstillinga vert Griegakademiet og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier peika på som dei to institutta som i størst grad nyttar det som vert kalla problematiske, mellombelse stillingar.

Det er prosjektstillingar, i hovudsak for førsteamanuensisar, universitetslektorar, høgskulelærarar eller øvingslærarar og vitskaplege assistentar, i inntil ni månader. Her finn ein til dømes universitetslektorar som skal dekka spesielle undervisningsbehov. Undervisningsoppgåvene kan variera i forhold til talet på studentar eller kan vera lagt til bestemte delar av semesteret og studieåret.

–  Det er heilt ulike historier bak desse to fagmiljøa, seier Frode Thorsen, som er instituttleiar ved Griegakademiet.

– Grunnen til at me har tilsette i små og mellombelse stillingar, er den same som hos andre musikkutdanningar: Me er avhengige av små spesialiststillingar. Dersom ein underviser i eit blåseinstrument har ein kanskje to eller tre studentar eit år. Neste år er det kanskje ingen. Då er det ofte ikkje aktuelt å undervisa i andre ting, seier Thorsen.

Tre jazzstillingar
I dag har Griegakademiet mindre, faste stillingar knytta til tuba, orgel, fløyte, horn, cello, saksofon, akkompagnement, jazzkontrabass, trombone, jazzgitar, slagverk, fagott og obo. Stillingane varierer frå ti til førti prosent.

Instituttleiar Frode Thorsen skriv i ei utgreiing som ligg ved sakspapira at Griegakademiet meiner at ein òg treng faste stillingar i trompet, euphonium, klarinett og stryk, samt at det må aukast stillingsressurs i akkompagnement, tuba, slagverk, saksofon, horn og klarinett.  Fløytelærar er nettopp pensjonert, så her trengs det 25 prosent undervisningsstilling som helst bør verta ei nøkkelstilling for treblås med forskingsdel. Det er òg eit udekka behov innan komposisjon, der ein til no har hatt ein 25 prosent undervisningsstilling finansiert av mellom anna nasjonal arbeidsstipendordning.

– Det som då heitte Bergen musikkonservatorium vart overført til UiB i 1995. Ved konservatoriet var det nesten berre små stillingar. Dei siste åra har me tilsett i fleire tiprosentstilingar. Dei som hadde vore mellombels tilsett så lenge at dei hadde krav på fast stilling, fekk tilbod om dette. Men ikkje alle takka ja, seier Thorsen.

Frå nyttår kjem tre faste jazzstillingar, og Thorsen har tru på fleire faste stillingar i 2014.

– Det er fleire som etterkvart har rett til fast stilling, og me har ikkje noko i mot det. Men det me òg ønskjer oss, er fleire stillingar ved forskingsdel – det har me for få av. Me meiner at dei som i dag har 25 prosent stilling, og som har førsteamanuensis- eller profesorkompetanse, bør få auka desse til 50, seier instituttleiaren.

Underviser fleire stader
I utgreiinga skriv Thorsen at Griegakademiet totalt treng 324 prosent fast stilling.

– Er det misnøye blant dei tilsette?

– Det har vore lite misnøye. Mange som underviser hos oss jobbar òg anten i Bergen filharmoniske orkester eller i Forsvarets musikkorps, andre underviser delvis hos oss og delvis til dømes i kulturskular, ved vidaregåande skular og folkehøgskular. Nokre av desse lærarane er primært interesserte i å finna dei gode elevane eller studentane - der dei måtte vera, seier Thorsen.

– Men sjølv om det har vore lite misnøye, er det enkelte som den siste tida har problematisert dei mellombelse stillingane. Det forstår eg, og eg synest ikkje det er uheldig at me får nokre slike saker. Men UiB kan ikkje berre skulda på oss – det er dei som har gitt oss rammevilkåra. No vil eg likevel streka under at me er inne i ein positiv prosess med fakultetet og universitetet sentralt.

Mellombels underviser i ex phil
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (FOF) har det administrative ansvaret for førstesemesterstudiet ved heile fakultetet. Sidan dei fleste studentane byrjar å studera om hausten, er det då behovet for undervisninsgpersonale er størst.

I sakspapira står det at då examen facultatum vart innført, vart det sagt at fast tilsette ved andre institutt og fag skulle undervisa. Slik er det ikkje vorte – mykje av undervisinga vert gitt av personar som er tilsett i mellombelse stillingar.

– Me har auka talet på fast tilsette ved FOF. Men framleis er dette ei problemstilling me må gå djupare inn i, seier Kristoffersen.

Kristoffersen viser til Institutt for biologi, der studentane tek ex phil i andre semester, men seier at han førebels ikkje kan seia om dette vert løysinga for Det humanistiske fakultet.

– Ex phil-undervisninga er unnteke frå regelen om at all undervisning ved UiB skal vera basert på forsking. Me er ikkje samde i dette, og vil ha dette som ordinære undervisningsstillingar. Men det er sjølvsagt eit pengespørsmål, seier Kristoffersen.

Vil ha universitetslektorar i framandspråk
Dei andre institutta nyttar i mindre grad såkalla problematiske mellombelse stillingar. Men Institutt for framandspråk har meldt inn at dei ønskjer å tilsetja universitetslektorar i faste stillingar.

Adminsitrasjonssjef Arve Kjell Uthaug skriv i eit brev til fakultetsstyret at «eit språkinstitutt som òg gjev grunnleggjande opplæring og praktisk øving i framandspråk, bør ha nokre lektorstillingar som eit supplement til dei vitskaplege stillingane med forskingsdel».

Instituttet ber i brevet om faste, hundre prosent universitetslektorstillingar i spansk og engelsk, mindre faste stillingar i japansk, arabisk og kinesisk og fast tilsetjing av språkpedagogar i russisk.

– Det er betre å rekruttera inn nokre faste lektorar etter utlysing og open tevling, enn å måtta gje fast tilsetjing ut frå fireårsregel, langvarige prosessar og vanskelege juridiske grensegangar. Med dagens omfattande bruk av mellombels tilsette i undervisninga, vil det alltid vera ein fare for at det dukkar opp saker der vi må tilsetja etter til dømes den såkalla fireårsregelen, skriv Uthaug.

 

Powered by Labrador CMS