Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Denne veka opna Mohn-Sverdrup senter for havforsking i Bergen. Målet er mellom anna å utvikle betre metodar for havvarsling.
Det fulle namnet er Mohn-Sverdrup senter for globale havstudie og operasjonell oseanografi, og det er ein del av Nansensenteret. Det er kalla opp etter to føregangsmenn i norsk – og internasjonal – havforsking: Henrik Mohn og Harald Ulrik Sverdrup. Mohn var den første direktøren for Det norske meteorologiske institutt. Sverdrup var vitskapleg ansvarleg for Roald Amundsen sin ”Maud”-ekspedisjon, og vart sidan henta til California for å bli direktør for Scripps Institution of Oceanography. Senteret kjem i stand etter ei privat gåve på 25 mill. kroner frå Trond Mohn, og blir leia av professor Ola M. Johannessen. – Vi vil drive vidareutvikling og validering av havmodellar og varslingssystem for havet, og mellom anna undersøke variabilitet og termohalin og vinddriven sirkulasjon i dei nordiske hav. Vi vil drive havvarsling for publikum, og utdanne havvarslarar i samarbeid med UiB, sa han.
Opninga onsdag 20. oktober hadde form av eit symposium, der det gjekk slag i slag med føredrag av forskarar frå inn- og utland. Ola M. Johannessen sjølv gav eit kort oversyn over det vitskaplege programmet for Mohn-Sverdrup senteret.
Vil forske globalt
Senteret skal også arbeide med å utvikle kopla fysiske og biologiske regionale havmodellar, mellom anna i Det indiske hav, der Nansensenteret allereie har drive forsking i nokre år.
Meteorologien får stadig betre system for overvaking og varsling av tilstandar i atmosfæren, men eit tilsvarande system for tilhøve i havet er enno i startfasen. I framtida ventar ein store klimaendringar i havet, med dei konsekvensane det vil få for fiskeri, olje- og gassverksemd og for livsvilkåra i kystområda. Mohn-Sverdrup senteret har difor som uttala formål å gje viktige bidrag til nasjonal og internasjonal havforsking og havvarsling.