Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med justisminister Odd Einar Dørum som seremonimester vart det aller første Audun Hugleiksson-seminaret opna tirsdag. Tema var kontroll med multinasjonale selskap.
– Det gode ved det Juridiske fakultet i Bergen er at det er ein åndeleg refleksjon her, skrytte justisminister Odd Einar Dørum, som hadde tatt turen frå departementet for å delta på det som skal bli eit årleg seminar om nasjonal og internasjonal rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Som oppvarming til seminaret vart det store auditoriet på Dragefjellet høgtideleg omdøypt til Audun Hugleikssons hall. Det første seminaret i namnet til diplomaten, skattmeisteren og den rettskunnige ved det norske hoffet på 1200-talet handla om kva strategiar ein kan finne for rettsleg kontroll med multinasjonale selskap i dag. Ifølgje dekanus ved Det juridiske fakultet, Ernst Nordtveit, er det eit langsiktig og komplekst arbeid å skape institusjonar som kan halde styr på den globaliserte økonomien : At Audun Hugleikssons minne kviler over det heile, er høgst naturleg, ifølgje Nordtveit. Audun Hugleiksson er rekna som ein av hovudmennene bak lovgivingsarbeidet til kong Magnus Lagabøte.
Multinasjonale selskap
– Marknaden er ei urkraft i næringslivet, men utan spelereglar vil marknaden ete seg sjølv, sa Dørum, som ønskjer seg internasjonale konkurranselover som strekk seg utover Europa og USA.
Responsen på slike idear blant statsleiarar rundt om i verda har ikkje vore overveldande positiv når Dørum har lufta dei i sine møter, kunne han fortelje.
Nye løysingar
– Seminaret tek opp viktige sider ved spørsmålet om korleis ein skal sikre kontroll med selskap som opererer på tvers av landegrenser og framstår som dominerande einingar økonomisk og juridisk, særleg i høve til land i den tredje verda. Dette er eit problemkompleks som ikkje kan løysast innanfor etablerte rettslege strukturar og som derfor krev at ein vurderer nye løysingar.
Mellom føredragshaldarane på seminaret var Hans Petter Graver frå Oslo, Erich Schanze frå Marburg og Frank Aarebrot frå Bergen.
Noreg som rettsstat
– Namnet kan knytast til etablering av Noreg som ein rettsstat, til rettsutvikling reint allment og også til internasjonalisering av retten. Lovgivingsarbeidet vitnar om djup innsikt i europeisk rettsvitskap og filosofi, og ein reknar med at Audun Hugleiksson hadde studert jus i Bologna og Paris.
Hugleiksson vart hengt på Nordnes i Bergen i samband med Håkon V Magnussons oppgjer med det norske aristokratiet. Men no lever altså namnet vidare ved Universitetet i Bergen.