Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er usikker på om ein lenger har lik rett til utdanning i Noreg. Ho opnar for å auka studiestøtta – men er òg tydeleg på at då må noko anna prioriterast ned.
– I fjor var første året norske studentar fekk størstedelen av inntekta si frå ei anna kjelde enn Lånekassen, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen under møtet på Kvarteret måndag. Kunnskapsministeren hadde bede om innspel til den første langtidsplanen for forsking. Anne Lise Fimreite, prorektor ved UiB, la vekt på at heiltidsstudenten er viktig. Ho meiner òg at det må leggast til rette for at flinke elevar frå den vidaregåande skulen kan få ta fag på universitetsnivå, og at ein seinare legg til rette for at dei flinkaste vert verande i akademia. Vil kosta to milliardar Mange studentar jobbar ved sidan av studia – andre får økonomisk hjelp frå foreldra. – Prinsippet om lik rett til utdanning er under press, og det er ei viktig sak i prioriteringsdebatten. Det kan vera gode grunnar til å ha ein opptrappingsplan. Men dersom studielånet skal gå opp så mykje som studentane sjølv ønskjer, vil det kosta to milliardar kroner meir i året, sa Halvorsen. Ho understreka at når ein no skal både diskutera og deretter laga ein langtidsplan, er prioritering noko av det viktigaste. – Me må få eit klima i diskusjonen som gjer at ein torer å seia at ein vil prioritera noko ned. Ein slik prosess som dette vert fort at ein vil ha meir av det ein har i dag – og så stablar ein det oppå kvarandre, sa Halvorsen. – Må diskutera sjølve – UiB er tydelege, her vil ein satsa på breidde. Høg kvalitet på grunnforskinga er òg avgjerande for at ein kan spissa, sa Halvorsen. Framsidefoto: Paul-Erik Rosenbaum
Men har ein lenger heiltidsstudentar? Norsk studentorganisasjon seier nei, og meiner at studiestøtta bør aukast til 1,5 G. Det betyr støtte på vel 127 000 kroner i året, mot vel 94 000 kroner i dag.
Både UiB, Uni Research og Haukeland universitetssjukehus er opptekne av at ein framleis skal satsa på breidde. Halvorsen meiner at diskusjonen om spissing eller breidde er noko dei enkelte institusjonane sjølve må ta.