Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I går vart snora klipt, og språkfaga har fått sin forskarskule. Målet er at stipendiatane skal få det betre - og gjere det betre.
– Sosial trivsel og fagleg utvikling går hand i hand. Derfor er det så viktig å unngå den einsemda som stipendiatar kan falle inn i. – For å låne eit velbrukt uttrykk frå reklamen: Som ny stipendiat kan ein ha kjensla av at det er ingen under og ingen ved sida. Eg trur forskarskulen kan motverke ei slik kjensle, sa Thue Vold. Leiar av Forskarskulen er professor ved Romansk institutt, Kjersti Fløttum. I starten vart ideen om ein ny forskarskule møtt med entusiasme, men òg skepsis, fortel ho.
Stipendiat i språkvitskap ved Romansk institutt Eva Thue Vold (27) er midt oppi det, og er ikkje i tvil om at forskarskulen vil gjere universitetslivet lettare for henne. Doktogradsarbeid kan nemleg vere ein svært einsam ting.
Ingen under
Ho hausta gjenkjennande nikk frå eit samla rektorat og ei mann- og kvinnesterk forsamling av professorar som var møtt opp for å feire opninga i Knut Fægris hus.
Som ein av eit tjuetals stipendiatar på filologi og språkfag ved det Historisk-filosofiske fakultet (HF) kan ho frå no av nytte seg av tilboda til forskarskulen. Alle som tok til på doktorgraden frå og med 2002 får vere med.
Forskarskulen i språkvitskap og filologi har som mål å betre kvaliteten på utdanningstilbodet for doktorgradskandidatane, betre gjennomføringa av PhD-studiet og, ikkje minst, utvikle fagleg samkjensle og sosialt fellesskap. Det skal knytast faglege band både nasjonalt og internasjonalt gjennom skulen.
Forskarskulen skal mellom anna tilby temadagar, ei rad seminar med ulikt fagleg innhald, og det skal arrangerast mesterklasser der stipendiatar som arbeider med beslekta problemstillingar kan møtast. Felleslunsjar står også på programmet.
Sin eigen pakke
– Enkelte frykta at no skulle også doktorgraden inn i trange rammer og overstyrast. Ein kan forstå det, sidan forskarskulen er enda ei form for strukturering blant mange andre. Men det er ikkje slik forskarskulen er. Den akademiske fridomen på ingen måte bli trua. Vi gir eit tilbod som stipendiatane kan velje frå, og slik setje saman sin eigen pakke for å fylle dei 30 studiepoenga som PhD-utdanninga krev. Ingenting er obligatorisk, utanom eit seminar i vitskapsteori, som vert arrangert av Senter for vitskapsteori, seier Fløttum.
Stipendiat Thue Vold er i alle fall ikkje i tvil:
– Dette er ein sårt tiltrengt arena for fagleg utvikling og sosialt fellesskap.