Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein internasjonal standard for EEG-analyser ga ei gruppe legar frå Haukeland universitetssykehus og UiB fylkeskommunen sin oppfinnarpris.
EEG målar elektrisk aktivitet frå hjernen, og vert i hovudsak brukt til å greia ut epilepsi, komatilstandar og demens. Men når resultata skal skrivast ned, vert det gjort som fritekst som vert diktert inn i pasienten sin journal. – Det gjer mellom anna at ein nyttar ulike ord om dei same tinga. Ein kan ikkje gjera studiar eller analyser, seier Harald Aurlien. Samarbeid med 14 land – Me har inngått eit europeisk samarbeid, og no er det 14 land som er samde om ein ny standard. Ein artikkel om dette er på veg til publisering, seier Aurlien. Han seier at den nye standarden, som allereie finst på mange språk, vil vera ein fordel for både pasientar og forskarar. Programmet verkar slik at resultata frå systemet inneheld grafiske oppteikningar som viser kor det er unormale funn. Alle funn vert lagra i ein database, og funna er uavhengige av språk. Det betyr til dømes at EEG skildra på kinesisk kan samanliknast med EEG skildra på norsk. Skryt av BTO – Eg har hatt litt fritak frå overlegestillingen og fått ein del velvilje. Men det har vore mykje jobb utanom, seier Aurlie. Han skryt av samarbeidet med BTO (Bergen teknologioverføring). – Dei har vore heilt uvurderlege. Dei har vore sentrale i å rettleia og i samband med søknadsprosessar, og dei har vore representert i styret, seier Aurlie. Overlege Harald Skeidsvoll og lege i spesialisering Ina Hjelland brukar den nye applikasjonen. Foto: Holberg EEG Framsidefoto: Hordaland fylkeskommune
Aurlien er overlege ved Haukeland universitetssykehus. Saman med fleire kollegar, nokre av dei òg tilsette ved UiB, har han utvikla Holberg Score EEG. Det er ein ny metode og standard for å registrera hjerneaktiviteten. Denne veka fekk selskapet Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris på 75 000 kroner.
Legane og forskarane har utvikla firmaet i tillegg til å ha minst hundre prosent stilling. No har dei tilsett ein student i halv stilling og ein IT-ansvarleg i åtti prosent.