Oppsiktsvekkande funn frå istida

Publisert

For berre få år sidan trudde ein at området nord for Polarsirkelen i Russland var dekt av is gjennom siste istid. Eit norsk-russisk forskingsprosjekt har snudd opp-ned på denne forestillinga.

Det er ikkje så veldig lenge sidan dei første vestlege forskarane slapp inn i det tidlegare Sovjetunionen. Før det, trudde dei fleste at istida følgte same mønster i Nord-Russland som i Skandinavia og Nord-Amerika. Med andre ord: Mykje is og ingen folk. Men eit tverrfagleg norsk-russisk forskingsprosjekt har vist at dette er langt frå heile sanninga.
Då isbreane i Skandinavia var på det største, for ca. 20.000 år sidan, var Nord-Russland isfritt. Og enno tidlegare, 30-40.000 år før vår tid, var det nord-russiske landskapet prega av opne stepper som gav livsgrunnlag for store dyreflokkar som mammut, reinsdyr, hestar og ullhåra neshorn. Dette var ei overrasking for forskarane, men enno større blei overraskinga då dei også fann spor etter menneske.

Nordlegaste spor av menneske

– I ein lokalitet som blir kalla Mammutsvingen, ein elvesving som ligg akkurat på Polarsirkelen, blei det funne ei mammutstøttann under ei avsetting på 15 meter med grus, fortel professor Svein Indrelid ved Bergen Museum.

– På denne tanna var noko vi trur er intensjonelle innrissingar, ei rekkje med strekar som vi ikkje har greidd å forklare med gnaging eller skrapemerkar frå naturen si side. Merka er djupe og ser ut som dei er skorne med ein flintbit eller skarp stein.
Funnet er datert til ca. 36.000 år før vår tid. Det var akkurat i overgangen mellom neandertalerar og moderne menneske. Så langt er det ikkje funne menneskeknoklar her. Difor veit ein ikkje sikkert kven spora stammar frå. Stammar dei frå neandertalerar, tyder det at denne tidlege menneskerasen vandra 3000 kilometer lenger mot nord enn ein hittil har trudd.
Spora er om lag like gamle som dei første spor etter moderne menneske i Mellom-Europa. På denne tida vandra forfedrane våre frå Afrika og Midt-Austen og inn over det sentral-europeiske kontinentet. Kanskje har nokre av dei gått rett nordover og ikkje stogga før dei kom nord for Polarsirkelen i Nord-Russland. Ingen andre stader i verda har ein funne spor av istidsmenneske så langt nord.


Store forandringar

Det norsk-russiske forskingsprosjektet PECHORA skal finne ut meir om dette. Målsettinga for prosjektet er å rekonstruere dei store isbreane i Nord-Russland - som fanst, men ikkje på den tida ein først trudde - og å karakterisere miljøet og landskapet i dei isfrie periodane. Det er eit stort område som skal studerast, og no skal forskarane først og fremst studere den geologiske utviklinga og isutbreiinga.
Det ein veit så langt, er at istida i Nord-Russland var prega av mykje større endringar enn ein har trudd tidlegare. Store isbrear har vakse fram og smelta vekk i løpet av nokre få tusen år. Dette er også det einaste området der isen kom inn frå havet, og ikkje ned frå fjellet. Då dei russiske breane var på sitt største, for om lag 90.000 år sidan, demde iskanten opp dei store elvene som renn ut i Polhavet, og skapte for ei stund dei største innsjøane i verda. På flyfoto kan vi enno sjå strandlinene etter desse innsjøane. Etter kvart som ein lærer meir om istida og dynamikken i breutviklinga, kan det i neste omgang hjelpe oss å forstå meir av drivkreftene i klimavariasjonane ein ser i våre dagar.

Powered by Labrador CMS