Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er ikkje alle ved UiB som har teke ferie. Opptaksansvarleg Hans Eivind Dalsbø ventar til etter studiestart.
– Universitetet i Bergen, seier Camilla Elmar blidt når telefonen ringjer.
I kjellaren i Christies gate 20 sit ein gjeng framfor kvar si datamaskin. Dei jobbar med opptaket til høgare utdanning. Fristen for å ettersenda vitnemål er ute, og no må nokon gå gjennom alle desse vitnemåla før Samordna opptak får dei. 20. juli får søkjarane til høgare utdanning vita om dei fyller poengkrava.
– Me må vurdera om søkjarane er kvalifiserte, mellom anna om dei fyller dei spesielle opptakskrava nokre fag, som medisin, har, seier Hans Eivind Dalsbø.
Sjekkar vitnemål
Dalsbø er seniorkonsulent ved studieadministrativ avdeling og opptaksansvarleg. Og i ei tid der det vert færre og færre UiB-tilsette på jobb, tek ikkje Dalsbø ferie før i slutten av august.
– Når semesterstart er unnagjort og dei fleste andre får det travelt, då stikk eg, humrar han.
Førebels er det ganske roleg hos gjengen i Christies gate 20. I år kjem alle vitnemål som digitale filer.
– Då slepp me at noko har forsvunne i posten. Det plar vera nokon som ringjer og er sinte fordi me ikkje har teke omsyn til dokument me ikkje har fått, seier Dalsbø.
– Dette er ein viktig jobb som betyr mykje for mange. Og det kjennest som ein relevant sommarjobb, seier Juni Rugland.
Ho har sommarjobb og vert masterstudent i statsvitskap til hausten.
– Det mest utfordrande er å vurdera rett. Ein må halda tunga beint i munnen, supplerer Kjersti Siem.
Det er andre året ho har denne sommarjobben. Frå 15. august skal ho ta praktisk pedagogikk, og mellom sommarjobb og semesterstart rekk ho litt ferie.
Ventar på telefonstormen
Men sjølv om det førebels er ganske roleg, vert Dalsbø at det kjem ein dag om eit par veker som vert veldig travel. 20. juli. Då får alle søkjarar vita kor dei har fått studieplass. Telefonlinjene til både uiB og dei andre institusjonane opnar klokka 10.
– Då kjem det ein telefonstorm, det gjer det kvart år. Nokre av dei som ringjer meiner at dei har poeng som manglar, andre meiner me har gjort noko feil. Og sjølvsagt kan det skje ein og annan feil, seier Dalsbø.
Telefonstormen plar roa seg etter eit par dagar. Og då tek gjengen i Christies gate òg – i alle fall dei fleste av dei – ferie.