Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den nye interne arbeidsmarknaden ved UiB har fungert godt så langt, ifølge HR-direktør Sonja Dyrkorn.
1. september vart prøveordninga med ein intern arbeidsmarknad ved UiB sett i gong. Interne stillingar i enkelte administrative og tekniske kategoriar skal som hovudregel no berre lysast ut internt.
– På kort tid har ein fått rekruttert mykje internt. I ei ekstern utlysing bruker me gjerne både to og tre månadar for å få behandla ei tilsetting. I den interne marknaden har me ein forenkla prosess, og snittet er 30 dagars behandlingstid, seier HR-direktør Sonja Dyrkorn.
40 stillingar er lyste ut internt sidan september, og i snitt har tre personar søkt på stillingane. Fire av stillingane fekk ingen søkarar, og vart lyst ut eksternt.
– Statistikken viser at det fungerer, i og med at me har klart å rekruttera så mange så langt. UiB er ein stor arbeidsgjevar, med mange stillingar. Å legga til rette for auka mobilitet internt er viktig for viljen til endring i organisasjonen. Me vil gje den enkelte arbeidstakar sjansen til å sjå moglegheiter. Dei tilsette får breiare kompetanse, og dette blir også opplevd som meir effektivt for den som skal rekruttera, fordi kompetansen kjem raskare på plass, seier Dyrkorn.
Ordningar med rotasjon, utlån og hospitering er no systematiserte, og ein ønsker at fleire nyttar seg av desse.
Ved rotasjon er tanken at to medarbeidarar frivillig byter arbeidsplass i ein periode frå tre månader til eitt år, som del av eit kompetansetiltak for dei tilsette.
– Når det kjem til rotasjon, så trur vi det er ein ordning som har stort potensial. Det gjer oss høve til å sjå kritisk på oss sjølv, og få nye idear, seier HR-direktøren.
Dyrkorn fortel at alle ordningane er prøvd ut på universitetet, men at ein førebels ikkje har tal på omfanget.
Det er også aktuelt å låna ut tilsette i inntil seks månader til andre avdelingar, noko som mellom anna er nytta i samband med fusjonen mellom UiB og Kunst- og designhøgskulen i Bergen.
– Gjennom utlånsordninga prøver me å sikra at det nye fakultetet blir etablert på ein smidig måte. Dei får låna nøkkelpersonar i administrative stillingar, slik at me sørger for at ting blir gjort på gode måtar innanfor UiB sine rammer, seier Dyrkorn. (bildet)
Det skal vera eit effektiviseringskutt ved UiB dei neste fire åra, kor totalt 50 stillingar i sentraladministrasjonen skal kuttast.
Tanken er at den nye arbeidsmarknaden også skal vera med på å kutta ressursbruken.
– Når ledigheit oppstår på ei avdeling tvinger det organisasjonen til å tenka gjennom i kva grad det er behov for å erstatta den stillinga. Då er det rom for å spara ressursar, seier Dyrkorn.
Men ho understreker at ein ikkje vil flytta på folk systematisk for å komma i mål med effektiviseringskutta.
– Det er den beste kvalifiserte som skal bli tilbode stillinga. Det blir ikkje spekulasjonar rundt dette. Me tar ikkje kandidatar fordi dei kjem i frå stader kor det passar å kutta. Det skal opp i tilsettingsrådet også, kor dei tillitsvalde sit, så dette blir følgt med på.
Hovudtillitsvald i Parat, Randi Heimvik, seier ein må passa på at ordninga blir lik for alle i praksis.
– Dette må fungera slik at alle har lik moglegheit til å flytta på seg. Det kan ikkje bli slik at det er arbeidsgjevar som plukkar ut folk og ber dei søka på stillingar. Alle må ha ei reell moglegheit til å søka seg vekk, viss dei ønsker det sjølv, seier Heimvik.
Ordninga skal evaluerast etter eit halv år, men inntrykket så langt har vore positivt, meiner Heimvik.
– Det er snakk om å bruka ressursane me har betre. UiB har ingen database som seier kva for kunnskap dei tilsette sit inne med. Det er viktig at folk bruker interne utlysingar til å visa arbeidsgjevar kva dei kan. Dei kan bruka det som ein karriereveg, til å læra meir om andre delar av universitetet, og få større konktaktnett i organisasjonen.
– Er du uroleg for at den interne marknaden kan bli <<utnytta>> i samband med effektiviseringskutta?
– Nei, eg er ikkje uroleg for det. Hadde kutta skulle takast over eitt år, hadde eg sete med hjarta i halsen. Men kutta skal gå over fire år, og det er mange tilsette som skal gå av med pensjon ved UiB. Så det vil ein nok klara heilt fint med naturleg avgang, seier Heimvik.
Ordninga skal i første omgang vara ut august 2017.