Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Østrogen i p-pilleblandinga kan dempe svingande humør, viser UiB-forsking.
Gjennom dei siste tiåra har førekomsten av både depresjon og av bruken av p-piller auka. Spørsmålet om det var korrelasjon mellom desse hendingane var derfor eit naturleg utgangspunkt når student Gjertrud Svendal frå forskarlinja ved Medisinsk odontologisk fakultet skulle utføre eit eige forskingsprosjekt. I samarbeid med sin australske rettleiarar forska ho på stemningslidingar frå prevensjonsmiddel. – Vi fann at prevensjonsmiddel som inneheld berre progestin gir tre gonger høgare førekomst av stemningslidingar for kvinnene som brukar preparatet, samanlikna med dei som ikkje brukar det, seier Svendal. Prevensjonsmiddel utan det syntetiske hormonet progestin finst ikkje, men Svendal fann at prevensjonsmiddela som kombinerer progestin med østrogen har ei motverkande effekt på stemningslidingar. Funna er nyleg publisert i det anerkjente internasjonale magasinet Journal of Affective Disorders. Det har tidlegare vore ulike funn om i kor stor grad p-piller reduserer eller aukar førekomsten av stemningslidingar. Somme studie har hevda at østrogen kan redusere førekomsten, og at progestin kan auke risikoen for depresjon. – Derfor var ikkje funna våre uventa, men etter denne studien kan vi seie med meir sikkerheit at det verkar som at progestin aukar tendensen til å utvikle stemningslidingar, og at kombinasjonspreparat har motsett effekt, fortel Svendal. Artikkelen held fram under biletet. Av prevensjonsmidla som berre inneheld progestin er det ”minipilla”, som cerazette og conludag som er dei mest utbreidde. (Ill.foto: Colurbox) Treng meir forsking – Men utover det veit vi ikkje enno kva det er som gjer at progestin har denne effekten, seier Svendal For sjølv om undersøkinga gir nokre klare retningslinjer er den ikkje stor nok til å gi direkte kliniske råd. Svendal håpar denne forskinga vil føre til at legar som skriv ut hormonpreparat til kvinner vil ta sjukdomshistorie og andre risikofaktorar for stemningslidingar med i berekninga når dei skal finne fram til rett prevensjonsmiddel. – Ei auka interesse på feltet vil forhåpentlegvis føre til vidare forsking som kan gi oss neste brikke i puslespelet, seier ho.
Ikkje uventa
Forskinga baserer seg på data frå ei større undersøking gjort i Australia, der deltakarane gjekk gjennom ei rekke fysiske målingar og svarte på spørjeskjema mellom anna angåande deira psykiske helse.
Generelt kan ein seie at det ser ut som progestin påverkar nokre reseptorar i hjernen som igjen påverkar humøret.