Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Opp til 50 000 personar tok til gatene i Budapest sundag for å demonstrera mot regjeringa si avgjerd om å stengja Central European University. Dei håpa presidenten ville leggja ned veto mot lova som vil stengja universitet som er registrerte i utlandet.
Demonstrasjonen på sundag var truleg den største som nokosinne er blitt arrangert mot dagens statsminister Viktor Urban og høgrepartiet hans, Fidesz, skriv Uniforum.
Dei gjekk gjennom gatene i Budapest med krav om at president Janos Ader må leggja ned veto mot lova som opnar for at regjeringa kan stengja universitet som er registrerte i utlandet, melder BBC og The Guardian. Også Uniforums fotograf Ola Sæther var til stades og tok bilete frå demonstrasjonane. Men demonstrasjonane påverka ikkje president Janos Ader. Måndag ettermiddag underteikna han lovframlegget frå regjeringa, ifylgje Der Spiegel.
Lovframlegget frå regjeringa vil i hovudsak gå ut over the Central European University, grunnlagt av mangemilliardæren og filantropen George Soros. Universitetet vil ikkje få lov til å tildela vitnemål til studentane sine om lova blir sett i verk. Universitetet er nemleg registrert i USA.
Demonstrantane var både eldre, middelaldrande og unge. Dei gjekk i samla flokk til det ungarske parlamentet og la fram krava sine der. Regjeringstalsmann Zoltan Kovacs stod fast på at regjeringa aldri ville innfri krava frå demonstrantane.
- Det er det ingen grunn til. Når lova er vedtatt, vil universitetet (CEU) ha eitt år på seg til å oppfylla vilkåra i lova, sa Kovacs, ifylgje BBC.
Men det var ikkje berre planen om å stengja the Central European University som fekk demonstrantane til å ta til gatene. Dei markerte også avsky mot forsøka frå regjeringa om å leggja press på menneskerettsgrupper og miljøverngrupper som støttar flyktningar.
Amerikanaren Georg Soros som sjølv er fødd i Ungarn, sponsa også studieopphaldet til dagens statsminister Viktor Orban på Oxford-universitetet på slutten av 1980-talet.
Den europeiske universitetsorganisasjonen (EUA) protesterte mot trugsmåla mot den akademiske fridomen i Ungarn under møtet på Universitetet i Bergen før helga.