Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Torsdag blir professor Alf Erling Risa feira med stort jublieumsseminar. – Dette kom som ei overrasking, seier Risa.
Kalle Moene fra UiB og Agnar Sandmo fra NHH er berre to av forskarane som kjem til Egget torsdag for å halde forelesning i høve 60-årsdagen til professor Alf Erling Risa. Temaet for dagen er «Framtida til velferdsstaten», og seminaret er ope for alle. – Eg har vore lukkeleg uvitande om dette seminaret. Eg har fått vite at eg burde være i byen rundt denne tida, men korleis det skulle feirast visste eg ikkje noko om, seier Alf Erling Risa til På Høyden. Fest med fag – Du fylte 60 år i mars. Korleis feirar ein spesialist på trygdeøkonomi helst bursdag? – Det vart litt feiring, men det var ikkje seminar! Det har ikkje vore så stor feiring som det blir no. Det blir jo meir folk involvert og ei faglig retning på det denne gangen. Dei øvrige forelesningane skal haldast av departementsråd Tom Rådahl, forskar Ådne Cappelen fra SSB, statssekretær Kjetil Lund og Professor Kjell Erik Lommerud fra UiB. Her er jubileumsprogrammet. – Programmet ser veldig spennande ut. Eg må seie programkomiteen har vore flinke, seier Alf Erling Risa. – Er det nokre av forelesningane du gjerne skulle stått for sjølv? – Nei, eg er innstilt på å være tilhøyrar akkurat denne dagen. Alt til si tid.
Alf Erling Risa har helseøkonomi og forebygging av ulykker som sine forskingsfelt. Fra 2001-2009 var han også dekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet. Han har også vore med og bygd opp forskningsmiljøet i trygedeøkonomi.