På Høyden kan få Redaktørplakat

Publisert

På Høyden kan få Redaktørplakaten. Neste veke drøftar universitetsstyret nyheitsavisa si framtid.

I dag er På Høyden ein del av Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, med kommunikasjonsdirektøren som ansvarleg redaktør. I møtet neste veke skal universitetsstyret avgjere om På Høyden no skal lausrivast og få Redaktørplakaten.

– Behov for rolleavklaring
Redaktørplakaten skildrar den ansvarlege redaktøren sine oppgåver når det gjeld å ha pressa sine ideelle mål for auge. Plakaten er også meint å sikre redaktøren si uavhengigheit i høve til eigarane. Den slår mellom anna fast at redaktøren har ”full fridom til å forme mediet sine meiningar, sjølv om dei i enkelte spørsmål ikkje blir delte av utgjevaren eller styret.” Samstundes vert det rettslege ansvaret for innhaldet i avisa plassert hjå ansvarleg redaktør.

– Spørsmålet om Redaktørplakat har blitt diskutert i fleire år, blant anna i utviklingsprosessen den dåverande Formidlingsavdelinga var gjennom i 2009. At styret skal behandle saka no er positivt. Eg trur det lenge har vore behov for ei avklaringa av rolla til På Høyden og ei avklaring i høve til korleis redaksjonen skal vere organisert, seier Guri Gunnes Oppegård, redaktør i På Høyden.

Les sakspapira her.

(Foto: Kim E. Andreassen)

Legg opp til eige styre
UiO innførte redaktørplakaten for si tilsvarande avis, Uniforum, allereie i 2005. Universitetsavisa ved NTNU fekk redaktørplakat i 2007. Medan Universitetsavisa er organisert som ei eiga eining i rektors stab, er Uniforum organisert som ei eining i sentraladministrasjonen som er direkte underlagt universitetsstyret.

Dersom universitetsstyret vedtek framlegget om redaktørplakat, vil På Høyden få eit eige styre. Det vert lagt opp til at styret får delegert utgjevaransvaret frå universitetet. Medlemmane i På Høyden-styret vil bli utnemnte av universitetsstyret tirsdag. Utgjevar skal bestemme nettavisa sine økonomiske rammer og sjå til at redaktøren oppfyller formålsparagrafen.

Framlegget til formålsparagraf er slik:

På Høyden skal arbeide for å fremme Universitetet i Bergens (UiB) grunnleggende verdier slik de er nedfelt i Universitets- og høgskoleloven og universitets strategi. På Høyden skal formidle informasjon om universitetets primærvirksomhet; undervisning, forskning og formidling og ellers være en avis for UiB med universitetsrelatert stoff og debatt. På Høyden skal tilstrebe et journalistisk perspektiv i tråd med den frie pressens idealer. På Høydens hovedmålgruppe er ansatte ved Universitetet i Bergen.

Organisatoriske endringar
Innføring av Redaktørplakaten får også fleire organisatoriske endringar for På Høyden. I saksframlegget vert det lagt opp til at redaktørfunksjonen skal ha ein tidsavgrensa funksjon og at redaktøren får fast tilsetjing i ei anna stilling i institusjonen ved funksjonstida sitt utløp. Kva innføring av Redaktørplakaten vil kunne ha å seie redaksjonelt sett, er førebels uklart.

– No vert det lagt opp til at redaktørstillinga skal lysast ut. Sidan den skal lysast ut, er det vanskeleg å seie noko om kva slags endringar det vil bli i På Høyden, seier redaktør Guri Gunnes Oppegård.

Verken rektor Sigmund Grønmo eller universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken ønskjer å kommentere saka før den har vorte behandla i universitetsstyret.

 

Powered by Labrador CMS