På Høyden søkjer frilansfotografar

På Høyden vil ha enno betre bilete, og søkjer difor etter frilansfotografar.

På Høyden er den uavhengige nettavisa til Universitetet i Bergen. Vi lanserer snart ny nettløysing, og ønskjer å knytte til oss nokre frilansfotografar.

Vi ser etter kreative og effektive fotografar, med interesse og blikk for reportasje-, portrett- og forskingsfoto. Du bør ha noko erfaring, og eige utstyr. Dei fleste jobbane vil vere i Bergen sentrum, og du må tidvis vere tilgjengeleg på kort varsel. Vi kan tilby ordna arbeidstilhøve og løn etter avtale, samt ein sjanse til å påvirke fotojournalistikken vår. Send ein kort søknad, CV og arbeidsprøver til dag.hellesund@pahoyden.uib.no, eller stikk innom redaksjonen vår på Vektertorget snarast, og i alle høve innan 10. juni.

Powered by Labrador CMS