Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein delegasjon av franske forskarar vitja sist veke ulike fagmiljø i Norge etter invitasjon frå Nærings- og handelsdepartementet. Unifob-avdelinga Aksis har nytta høvet, på oppdrag frå Norges Forskingsråd, til å vise fram UiB sin kompetanse på språkteknologi.
Professor Christian Fluhr frå franske Laboratoire d’ingénierie de la Connaissance Multimédia Multilingue arbeider mellom anna med måtar å organisere informasjon frå ulike media, som tekst, lyd og bilete, og på ulike språk. Under besøket i Norge har han vore innom både Norges Forskingsråd og språkteknologimiljøet ved NTNU, før turen gjekk til Bergen. Her organiserte språkteknologimiljøet ved Avdeling for kultur, språk og informasjonsteknologi (Aksis) før helga eit to dagars seminar som presenterer den viktigaste forskinga på området ved UiB. Forskingsdirektør ved Aksis, Gjert Kristoffersen, fortel at språkteknologimiljøet ved UiB har høg aktivitet, men at Norge ligg bak i europeisk samanheng fordi vi manglar skikkelege, systematiske og representative språkdatabasar - ein såkalla språkbank. – Formålet med mitt besøk er mellom anna å etablere nettverk for prosjekt under ERA-NET. Program innanfor språkteknologi må delast opp i slike behov som er felles for alle europeiske land - som teknologiske basisverktøy, til dømes - og slike tilpassingar som må gjerast innanfor kvart enkelt land. Det første kjem inn under ERA-NET, medan nasjonale tilpassingar er den einskilde regjeringa sitt ansvar, forklarer Fluhr. – Det at vi manglar ein språkbank er kritisk for språkteknologi knytt til tekst så vel som til tale. Taledatabasar er uunnverlege når ein skal tilpasse til dømes taleattkjenningssystem til norsk. Dersom det om nokre år blir vanleg å styre datamaskina med tale, kan vi ikkje ha system som berre forstår engelsk! Det vil føre til eit viktig domenetap for norsk. Dei negative følgjene av slike domenetap har dei siste åra vore eit stadig hyppigare diskusjonstema hos dei som har ansvaret for språkpolitikken i Norge, seier Kristoffersen.
– Språk som ikkje har støtte i teknologi, vil lettare forsvinne. I Frankrike har vi tradisjonar for ein politikk som tek vare på det franske språket i tekst og tale, og vi legg mykje ressursar i det. Det er nok ein av grunnane til at norske styresmakter vil samarbeide med franske forskingsmiljø om språkteknologi, og vi er svært interesserte i å få til bilaterale samarbeidsprosjekt, seier Fluhr.
Manglar språkbank
– Arbeidet med å utvikle ein slik bank har stranda på vegen, fordi det har vore usemje om kven som skulle finansiere det, seier han.
I Frankrike har staten organisert eit program for forsking på språkteknologi, kalla Technolangue, og tilsvarande program finst i fleire europeiske land. No ønskjer ein å samordne satsingane og få konsistente program i dei europeiske landa. Verkemiddelet for å få til ei slik samordning heiter ERA-NET, og er eit samarbeid mellom forskingsfinansierande institusjonar i Europa. ERA-NET er hovudvirkemiddelet for støtte til fleirnasjonalt samarbeid og koordinering av forskingsaktivitetar på nasjonalt eller regionalt nivå i Europa, og ligg under EUs 6. rammeprogram.
Vil samordne europeisk forsking
Han har sett pris på den inngåande presentasjonen han har fått av forskinga ved UiB.
– Vi har mykje dei same problema. Men det er synd at ei nasjonal satsing på språkteknologi i Norge er blitt forstyrra av at avgjerdene blir tekne på ulike nivå. I Frankrike har vi lukkast i å samle alle ressursane i éin pott. Viss vi greier å organisere dette ERA-NET-prosjektet og involvere alle dei europeiske landa, så vil styresmaktene i kvart land vere forplikta til å følgje opp satsinga.
Aksis er involvert i fleire språkteknologiske prosjekt, mellom anna BREDT (Behandling av refererende enheter i diskursteori) og LOGON (Leksikon, ordsemantikk, grammatikk og oversettelse for norsk), som er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Målsettinga med LOGON er å utvikle metodar for automatisk oversetjing mellom norsk og engelsk.
Fryktar domenetap for norsk
– System som baserer seg på tale- og ordattkjenning er mykje i bruk, til dømes i søkemotorar. Det er viktig at slike verktøy er tilgjengeleg på norsk, legg Fluhr til.
Han forventar elles konkrete resultat av norgesbesøket.
– Norges Forskingsråd har sagt seg positive til å delta i eit språkteknologisk ERA-NET, og er ein mogleg kandidat til å administrere eit slikt prosjekt. I tillegg vurderer vi bilaterale samarbeidsprosjekt mellom Bergen og Frankrike, opplyser han.