Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei to YS-forbunda 2fo og PRIFO har gjort vedtak om å slå seg saman til éin organisasjon. Under namnet parat skal dei vere eit tilbod på tvers av tradisjonelle sektorar.
– Det som kanskje er mest viktig, er at vi skal ha avtalar innanfor alle sektorar. Det har mykje å seie etter kvart som offentleg sektor blir delvis privatisert. Det blir ei kjempeutfordring å jobbe for gode, inkluderande arbeidsplassar, og for rett til å vere med og bestemme på arbeidsplassen, seier hovudtillitsvald i 2fo, Gerd Johannessen.
Ho tek no med seg nær 500 medlemmar ved UiB over i den nye organisasjonen, der ho sit i representantskapet. Ved starten vil parat ha 27000 medlemmar.
2fo (Flerfaglig FellesOrganisasjon) og PRIFO (Privatansattes fellesorganisasjon) vedtok samanslåinga søndag 14. november. Av rekneskapstekniske årsaker vil fusjonen ikkje tre i kraft før ved årsskiftet. Parat vil framleis vere tilslutta YS.
– Medlemmane kjem til å merke samanslåinga ved at medlemstilboda blir fleire og betre. Vi jobbar til dømes for å gje juridisk rettleiing i privatrettslege spørsmål, som eit tillegg til rettsleg bistand i arbeidslivssaker. Vi arbeider også for ei stipendordning for medlemmar som ønskjer å ta vidareutdanning og liknande. I tillegg vil vi gje studiepoengbasert opplæring for tillitsvalde. Gode tillitsvalde er viktige for organisasjonen, fortel Johannessen.
– Du kan vere med i parat same kvar du jobbar. Målet er å vere ein organisasjon der folk kan melde seg inn som ferske arbeidstakarar eller som studentar, og så halde seg til denne organisasjonen gjennom heile arbeidslivet, i ulike yrke, til dei til sist går over til å bli pensjonistmedlemmar, smiler ho.