Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Eg er nerudianar, seier Pedro Vasquez som har laga ei utstilling om Pablo Neruda på Universitetsbiblioteket (UBB).
Vasquez jobbar som bokpreparant ved spesialsamlingane ved UBB og har budd i Norge sidan 1980. I år er det 100 år sidan Neruda, som vann nobelprisen i litteratur i 1973, vart fødd. Denne veka opna chilenaren ei lita utstilling på Universitetsbiblioteket (Hf-bygget) der ein kan få eit innblikk i livet til Neruda gjennom bøker, fotografi, biletkunst og gjenstandar, deriblant konkylier. Dei var viktige samleobjekt for Neruda som elska havet. Han skifta adresse mellom Valparaiso, Isla Negra i Syd-Chile og Capri – alle stadene var han heilt nære havet. Vasquez seier han ville tilby folk noko anna enn berre å lese avisene eller surfe på nettet. Men at det interaktive også er ein viktig del av utstillinga.
Pedro Vasquez, som las Neruda i ungdomstida i Chile, og framleis lever med litteraturen hans, har nytta høvet til å gjere diktaren meir kjent blant dei som brukar biblioteket.
- Kjenner nordmenn for lite til Neruda?
- Det trur eg kanskje. Fleire burde lese dikta hans og fleire av bøkene burde vore oversett til norsk.
Mannen som elska havet
- Han elska å høyre bølgjene slå mot steinane, og var ein pasjonert samlar av marine ornament, seier Pedro Vasques. Han fortel at Neruda også var ein overtydd kommunist.
- Då Neruda døydde i 1973 var det politiske klimaet så farleg i Chile at vi ikkje kunne markere det. Eg sa den gongen for at eg skulle heidre han skikkeleg på 100-årsjubiléet, fortel Pedro. Truleg såg han ikkje føre seg at markeringa hans skulle bli ei utstilling på den andre sida av jordkloten, men slik blei det.
Høyr Neruda lese
- Eg vil gjerne at folk skal gå inn på nettet og høyre Neruda sjølv lese kjærleiksdikta sine eller andre dikt. Det er noko heilt anna å høyre poeten lese sjølv enn å sitje med boka framfor seg, derfor har eg trykt opp nettadressene til stader der ein kan høyre han, seier Pedro ivrig. Og kjem du til UB fortel Pedro Vasques meir enn gjerne om livet til Neruda og hans sentrale posisjon som den framste forfattaren etter krigen.