Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Utanlandsstudentar som kjem til Norge opplever ikkje så mykje eit kultursjokk som eit økonomisk sjokk i møtet med det norske samfunnet. Det viser ein pilotstudie av dagleglivet til kvote- og NORAD-studentar, utført ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking.
– Det byrja med at eg var interessert i å vite korleis dei hadde det, dei kvote- og NORAD-studentane som kjem for å studere til master i Gender and Development hos oss, seier Kari Wærness ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking. Det synte seg at økonomien er det store problemet for utanlandsstudentane. Det andre hovudproblemet for studentane i undersøkinga er språket, og den sosiale isolasjonen som ofte følgjer med. Mange av studentane kjenner det som nedverdigande at dei mottek mykje informasjon berre på norsk. Dei må også fylle ut fleire skjema på norsk. Å rette på dette er foreslått som eit prioritert tiltak i undersøkinga. Parallellt med, men uavhengig av, denne undersøkinga, er det no for første gong oppretta eit kurs på Sosiologisk institutt som rettar seg mot både norske og utanlandske studentar, der all undervising skjer på engelsk. Temaet er velferdsstat og kjønn. Fredag 28. februar inviterte instituttet til ei sosial samling for å snakke om korleis kurset fungerer.
– Dei har avgrensa opphaldsløyve, og opplever eit krav om å vere effektive frå dag éin. Samstundes skal dei tilpasse seg norsk klima, norsk mat - og ikkje minst det å bu åleine, som er ei heilt ny oppleving for dei fleste av dei. Likeeins forventar vi at alle utanlandsstudentar skal meistre den skandinaviske likestillingsideologien frå første dag.
Saman med likestillingsrådgjevar Anne Marit Skarsbø tok ho initiativ til ein pilotstudie i form av intervju av 14 master- og doktergradsstudentar som tok ulike fag ved UiB hausten 2002. Åtte av desse var kvotestudentar som får stipend frå Forskings- og utdanningsdepartementet, resten hadde stipend frå NORAD. Undersøkinga vart finansiert av UiB og utført av Sevil Sümer, som no er postdokstipendiat ved Sosiologisk institutt.
Et berre pasta
– Norge er veldig dyrt, og i starten tenkjer du heile tida i din eigen valuta. Kanskje kostar eit par tomatar det samme som eit stort måltid heime. Mange kuttar frukt og grønsaker og et pasta, seier Sümer.
For kvotestudentane er problemet spesielt stort. Desse kjem gjerne til Norge i den tru har dei har fått eit stipend som dei kan hente når dei kjem fram. I røynda blir pengane utbetalt som lån frå Lånekassen, og først gjort om til stipend etter at studenten er ferdig med utdanninga og har reist attende til heimlandet. Det vil i praksis seie at studenten først må skaffe seg eit norsk personnummer, ein prosess som gjerne tek 4-6 veker, før ein kan sende søknad om lån til Lånekassen, der handsaminga tek ytterlegare 2-3 veker. Studentar som kjem til Norge i august, får ofte ikkje pengar før i oktober. Alle kvotestudentane i undersøkinga opplevde dette som svært vanskeleg. Nokre måtte ta opp lån eller ta deltidsjobbar for å klare utgiftene.
– Det er viktig at ein går inn for å forkorte denne «vente-perioden» i starten, seier Sümer.
– Eitt konkret tiltak som no kjem, er eit tilbod om rentefrie lån til kvotestudentar frå SiB, slik at dei klarer seg til pengane frå Lånekassen kjem. Men dette er heller inga ideell løysing, for mange tek det hardt at dei må ta opp lån når dei har fått eit stipend. Ein må kunne gjere noko med den seine byråkratiske prosessen med personnummer-tildeling, og i alle fall må studentane få betre informasjon om kva som ventar dei av byråkrati og utgifter.
For mykje informasjon
– Mange masterprogram er berre for utanlandsstudentar. I fadderveka får dei utanlandske studentane fadderar som er utlendingar. Slik blir dei isolerte frå byrjinga, seier Sümer, som sjølv var observatør under introduksjonsprogrammet og Fadderveka hausten 2002, og opplevde noko av den forvirrande «overload of information» som dei utanlandske studentane blir møtt med dei to første vekene.
Når dei kjem til landet, skal dei gå igjennom ein helsekontroll, ta ulike testar, søke om personnumer og om fastlege, som er ei uforståeleg ordning for mange. Dei skal registrere seg hos framandkontoret og søke om opphaldsløyve, betale semesteravgift, opne bankkonto, skaffe husleigekontrakt, betale depositum, søke om lån hos Lånekassen og lære å finne fram i norske daglegvarebutikkar.
– Det ville vore betre med ein kort introduksjon der dei fekk hjelp til slike praktiske spørsmål. Så kunne ein følgje opp utover i semesteret med sosiale kveldar der ein tek opp dei kulturelle og politiske tinga knytta til norsk daglegliv, meiner Sümer.
Må fylle ut skjema på norsk
– Å sende dei skjema på norsk, er rett og slett uforskamma, seier Wærness.
– Eit internasjonalt universitet bør ha all informasjon som er relevant for desse studentane på engelsk.
Få av kvote- og NORAD-studentane har tid til å lære seg norsk på fritida. Fleire er blitt oppmoda om å ikkje prioritere å lære norsk, fordi det vil gå utover studiet, sjølv om dei er motiverte. Fleire rapporterte også at å ikkje kunne språket fører til ei kjensle av maktesløyse, fordi ein ikkje kan følgje med på kva som skjer i samfunnet, og stadig må be andre om å forklare og omsette. Når dei då mottek mange dokument på norsk, aukar denne kjensla.
– Samstundes er det viktig å hugse at desse studentane kjem hit fordi dei er ekstremt flinke. Vi må ikkje sjå på dei som «stakkars desse som vi skal hjelpe». Dei er ein ressurs, understrekar Wærness.
Vil lære språket
– Vi har ønskt å få til noko slikt fordi vi vil ha meir kompetanse på å arrangere slike kurs. Dessutan har vi jo engelskspråklege tilsette som vi gjerne vil bruke i undervising også for dei norske studentane, seier førsteamanuensis og instituttstyrar Ole Johnny Olsen, som er svært nøgd med deltakinga. Kurset har kring femti studentar, om lag like mange norske som utanlandske.
– Det er synd det berre er dette kurset som er for begge grupper. Vi bur på Fantoft og møter jo aldri nordmenn elles, seier Raquel López, som er erasmus-student frå Barcelona.
Dei studentane som har møtt fram i toppetasjen på SV-bygget, trur det ville vere bra med fleire slike tilbod. Mange norske studentar har eit ferdig nettverk og etablerte fritidsaktivitetar, og sosialiserer heller med vener utanom studiet.
López er ei av dei som gjerne vil lære norsk, men som ikkje har klart å passe det inn.
– Alle medstudentane er utlendingar. Då eg kom hit i haust, prøvde eg å kome inn på eit norskkurs, men fekk høyre at det ikkje var plass. Dei som var her berre eitt semester, måtte prioriterast. Kor mykje norsk rekk dei å lære før dei skal heim?
Veninna Aitziber Arrieta er samd.
– Vi som skal vere her eit år, har størst sjanse til å lære noko. Det burde vere kursplassar til oss. Viss du først kjem til Norge, har du jo lyst til å lære språket!
Dei kan også stadfeste at det er dyrt å studere i Norge.
– Eg jobba i to år for å spare pengar før eg reiste. Foreldra våre jobbar hardt for at vi skal kunne reise hit og studere, seier López.