Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kontorplass i totalt fem år mot at ein forskar òg deltek på instituttet sine akitivitetar. Det er forslaget til nye retningslinjer for emeritipolitikken ved Det humanistiske fakultetet. No er retningslinjene sendt på høyring.
I dag sit forskarar som har gått av med pensjon ved Det humanistiske fakultetet i Joachim Frieles gate. No skal emeritiplassane flyttast til Villaveien, og samstundes ønskjer fakultetsleiinga å sjå på om tildelinga av plassar og bruken av desse har fungert optimalt. I fakultetsstyremøtet førre veke vart difor ei sak om emeritipolitikken drøfta. Krav om forsking Ei arbeidsgruppe har jobba med problemstillinga sidan i fjor haust. Deira innstilling er at det må vera eit krav at pensjonisten skal vera tilknytt ei forskargruppe eller vera aktiv med individuell instituttrelevant forsking. Publikasjonar skal registrerast i CRIStin som instituttforsking. Dersom partane er samde, kan pensjonistane som har fått tildelt arbeidsplassar delta i mellom anna rettleiing eller annan aktivitet knytt til undervisning. Ikkje krav på plass I tillegg til å få arbeidsplass, meiner arbeidsgruppa at pensjonistane skal ha tilgang til infrastruktur og bibliotek, og dei skal ha rett til å delta i instituttet og fagmiljøet sine liv, men utan å vera medlem i faggrupper og utan stemmerett. Fakultetsstyret var samde om at det er behov for nye retningslinjer. Men dei valde å senda saka ut på høyring til dei ulike institutta før endeleg vedtak vert fatta. Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet sendte saka om emeritipolitikk på høyring til institutta. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
I dag har fakultetet 34 emeritiarbeidsplassar i eit felles lokale, og av dei er 21 i bruk. I tillegg har nokre emeriti arbeidsplass på eigne institutt. Dei neste åra er det fleire forskarar som går av med pensjon. Tilsette i totalt 26,6 stillingar vil gå over til å verta pensjonistar dei neste fire åra. I Villaveien er det sett av fem kontor på totalt 74 kvadratmeter til arbeidsplassar for pensjonistane.
Arbeidsgruppa understrekar at det å få ein emeritiarbeidsplass ikkje er noko ein har krav på. I dag er det fakultetet som fordeler ut slike arbeidsplassar – i framtida bør dei fordelast mellom institutta etter prognosar om behov. Det er så institutta som avgjer kven av deira pensjonistar som skal få plass. Ein skal kunne ha ein pensjonistarbeidsplass i maksimalt fem år, med søknadsperiodar på to pluss to pluss eitt år.