Studentar i Noreg kjem på sjetteeplass i verda når det blir målt kor kunnskapsrike dei er, melder BBC News.

Norske studentar er dei sjette mest kunnskapsrike i OECD

Publisert

Studentar i Noreg gjer det femte best i verda i ei ny måling frå OECD. Dei som gjer det aller best kjem frå Japan, Finland og Nederland.

Det er BBC News som i dag melder at det blir heilt andre land enn USA og Storbritannia som toppar lista når OECD måler kor flinke studentane er, enn det som vanlegvis blir resultatet på dei tradisjonelle listene over verdas beste universitet. 

I undersøkinga frå OECD har dei testa kunnskapane til studentane som har gått på universiteta i medlemslanda til OECD, skriv Uniforum.  

På universitetsrangeringane har dei brukt indikatorar som omdømme og talet på vitskaplege tilsette samanlikna med talet på studentar og korleis dei markerer seg på målingar som viser forskingskvalitet og tal på siteringar og publiseringar i vitskaplege tidsskrift. Difor toppar Oxford University den siste rangeringa frå Times Higher Education Supplement, medan dei amerikanske universiteta Harvard, Massachussets institute of Technology, Stanford og britiske Cambridge som regel byter om å ta dei andre topp-plassane.

Norske studentar på kunnskapstoppen
Når det er kunnskapane til studentane som har gått på universiteta i OECD-landa, viser det eit heilt anna bilete, skriv BBC News i dag.  Då var det studentane frå Japan og Finland som tok dei to øvste plassane. Deretter fylgde Nederland, Sverige, Australia, og truleg overraskande for mange, Noreg på sjetteplass. Då er det berre tatt omsyn til kunnskapane til studentane, og ikkje til omdømmet eller at universiteta har godt ord på seg, understrekar BBC.

Då får OECD fylgjande Ti på topp-liste:

  1. Japan
  2. Finland
  3. Nederland
  4. Sverige
  5. Australia
  6. Noreg
  7. Belgia
  8. New Zealand
  9. England
  10. USA

BBCs utdanningskorrespondent Sean Coughlan kommenterer dette tørt med at sjølv om dei amerikanske Ivy League-universiteta er velkjende over heile verda, så er resultatet at norske og australske universitet ser ut til å utdanna studentar med meir kunnskapar enn det desse berømte amerikanske universiteta gjer.

Eit anna viktig poeng han peikar på, er at land som Sør-Korea og Singapore, som alltid skårar høgt på PISA-testane som måler kunnskapane til 15-åringar, mellom anna i matematikk, ikkje gjer det spesielt bra når dei måler kunnskapane til universitetsstudentane. Han meiner det viser at eit suksessfullt grunnskulesystem, ikkje automatisk fører til ein like stor suksess for desse elevane når dei seinare tar høgare utdanning i desse landa.

Denne saka er endra 17. november 2016, og Sverige er tatt inn på fjerdeplass. Landet var ikkje med på den opprinneleg lista publisert av BBC

Powered by Labrador CMS