Pløyer misjonsmarka på ny

Publisert

Etterdønningane av misjonslandet Noreg ser me kvar haust under den store TV-aksjonen. Misjonsrørsla har forma sjølvbildet til nordmenn, kjem det fram av ny forsking på norsk misjonshistorie.

– Kvifor skal Noreg vere overalt i verda med fredsløysingar, spør Hilde Nielssen, antropolog ved Bergen Museum.

Ho meiner den norske førestillinga om at verda ligg og ventar på norsk bistand og fredsmekling, er eit perspektiv som er vidareført frå misjonsrørsla. Frå 1850-talet og hundre år fram i tid vaks misjonsrørsla  seg sterk og omfattande.

Ifølgje Nielssen vart det gjennom misjonskulturen etablert eit sjølvbilete av ”oss” – dei glade og gode gjevarane, og ”dei” – dei stakkars mottakarane som treng hjelp. Det er eit bilete som framleis lever i dag, meiner forskarane som nyleg har avslutta det toårige forskingsprosjektet ”Norwegian Missionaries.  Practice and Representation in the Formation of ’Self’ and ’Other’”.

– I Noreg lever førestillinga om at me er uskuldige fordi me ikkje har vore ei kolonimakt. Men misjonskulturen har eit koloniserande blikk. På 1950-talet vart misjonsmarka omtalt som åndelege koloniar, seier Inger Marie Okkenhaug, leiar for forskingsprosjektet. Okkenhaug er historikar og forskar II ved Unifob Global Ved Universitetet i Bergen. 

Folkerørsle
Forskningsprosjektet som har gått norsk misjonshistorie nærare i saumane, har resultert i utstillinga ”Til jordens ender”.  Utstillinga opna førre veke på Bergen Museum og Bergen Bymuseum.

Då Nielsen og Okkenhaug byrja å grave i misjonshistoria, vart dei overraska over omfanget av misjonsrørsla i Noreg.

– Misjonsrørsla var ei folkerørsle. Den er annleis enn andre religiøse rørsler, den engasjerer menn og kvinner frå alle sosiale klassar. Dei beste familiane i Bergen som Grieg, Reimers og Greve, var aktive i misjonen, seier Nielssen.

Omfanget kjem fram gjennom medlemstal i det store antalet misjonsforeiningar, barneforeiningar og kvinneforeiningar. Det kjem fram gjennom opplagstala på dei mange misjonsbøkene.

– Det var eit propagandamaskineri som vaks fram. Misjonærane brakte med seg film og bilete frå misjonsmarka, reiste rundt i landet og fortalte om eksotiske land og hedningar, seier Nielssen.

Ho meiner misjonærane dekka eit underhaldningsbehov i samtida. Samstundes appellerte misjonen til heile mennesket, i foreningane opplevde folk fellesskap, sang og kjensla av å jobbe for ei god sak.

Karriereveg og sosial stige
Også i arbeiderpressa fekk misjonen stor oppslutnad, illustrert ved tittelen ”Norge har vunnet sine kolonier ved kjærlighet – ikke ved våpen”. Den stod å lese i Oppland Arbeiderblad i 1950.

For mange menn og kvinner av lågare kår på landsbygda kunne misjonen vere ein karriereveg og sosial stige. Unge menn og kvinner frå landsbygda kunne komme inn på Misjonshøgskulen, men ikkje på teologisk fakultet i Oslo.

– Var ein misjonær kunne ein gifte seg med ei prestedatter. Det kunne ein ikkje om ein berre var ein bondeson, seier Inger Marie Okkenhaug.

Misjonskallet gav også ein ny fridom til ugifte kvinner frå borgarskapet.

– Kvinner som reiste ut som misjonærar var kanskje utdanna til diakonisser, men ute fekk dei status som lege. Dei kunne ri på hesteryggen, dei fekk fridomar dei ikkje hadde her heime. Tilbake i Noreg vart dei heltinner og truleg eit førebilete for mange andre kvinner, seier Okkenhaug.

Vil forske meir
Gjennom arbeidet med misjonshistoria har forskarane knytta nettverk med andre internasjonale forskarar på misjonshistorie. Ifølgje Okkenhaug er det eit gryande miljø for forsking på misjon i Skandinavia.

Tidlegare har ho jobba med britisk misjonshistorie.

– I Noreg har misjonen vore eit gløymt kapittel. Norsk historie har i stor grad dreid seg om ulike aspekt ved nasjonsbygging, og det har vore lite fokus på religion, seier Okkenhaug.

I august inviterer misjonsforskarane til ein internasjonal konferanse i Bergen om misjonshistoria. Hit kjem forskarar frå Norden, Storbritannia og USA.

Forskningsgruppa som nettopp avslutta arbeidet sitt om dei norske misjonærane, kjenner seg ikkje ferdige med området. Denne veka leverte ei utvida gruppe forskarar med Okkenhaug og Nielssen inn ein søknad til Norges forskningsråd om midlar til å forske meir på misjonshistoria i Noreg.

– Misjonshøgskulen i Stavanger sit på eit enormt arkiv. Dei har ei biletsamling på 600.000 bilete og filmar frå misjonshistoria. Det er heilt unikt internasjonalt, seier Inger Marie Okkenhaug.

Pløyer misjonsmarka på ny

Fakta/ Misjonshistorie

* Forskningsresultata er formidla gjennom utstillinga ”Til jordens ender”. Det er eit samarbeid mellom Bergen Museum og Bymuseet i Bergen. Utstillinga er fordelt på dei kulturhistoriske samlingane ved Bergen museum, på Lepramuseet, Skolemuseet og i Gamle Bergen.

* I 1948 opna ei utstilling med same namn i Noreg. Denne misjonsutstillinga turnerte i Noreg til 1960 og vart sett av ein million nordmenn.

* Forskarane som har delteke i forskningsprosjektet er sosialantropolog Hilde Nielssen, historikar Inger Marie Okkenhaug, historikar Teemu Ryymin, religionshistorikar Karina Hestad Skeie og Sigurd Sandmo, cand.philol og leder for utstillingsavdelingen ved Bymuseet i Bergen.

Powered by Labrador CMS