Dag Rune Olsen har vore medlem i Høgre, men har no ikkje betalt kontingent på nokre år. Her saman med to kjente høgrekvinner under opninga av det akademiske året.

Rektor kutta partipolitikken

Publisert

Rektor Dag Rune Olsen har vore medlem i Høgre. – Som rektor er det heilt uaktuelt å vera partipolitisk aktiv, seier han.

– Eg har ikkje betalt kontingent på lenge, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Men du har vore høgremedlem?

– Det har eg. Eg har òg vore medlem i Unge Venstre, ein gong for lenge sidan.

– Kor aktiv har du vore?

– Ikkje i det heile teke. Eg var medlem i eit tilsynsorgan for ein sjukeheim og eg vart oppnemnt som meddommar.

Kan gå på gangen
På Høyden har dei siste dagane skrive om UiB-tilsette som stiller til val denne hausten. Nokre av dei står som listefyll, andre, som Sondre Båtstrand og Synnøve Fluge, står høgt på listene. Olsen meiner at politisk engasjement blant UiB-tilsette i dei aller fleste tilfelle er heilt uproblematisk.

– Eg meiner at ein som universitetstilsett må kunne tillata seg å både vera medlem av eit politisk parti og å nytta røysteretten. Når det gjeld dei som sit i universitetsstyret kan det i teorien dukka opp saker der dei kan vera inhabile, til dømes ønskjer UiB av og til å bygga noko slik at kommunepolitikarane må inn i biletet. Men då får ein gå på gangen når styret behandlar saka, då. Me gjer mange prosaiske vedtak i universitetsstyret som ikkje har noko med verken kommunal eller nasjonal politikk å gjera, seier Olsen.

Men for han sjølv er det annleis. Olsen er tydeleg på at dersom ein har tenkt å ha ei framskoten politisk rolle må ein finna seg ein annan jobb enn rektor.

– Det er heilt uaktuelt for meg å vera partipolitisk aktiv. Det er kjempeviktig å ha legitimitet i ulike politiske leirar.

– Vil det same gjelda for universitetsdirektøren og resten av rektoratet?

– Eg snakkar berre for meg sjølv. I forhold til universitetsdirektøren har eg ei anna rolle, det er eg som har ansvar for det utadretta. Då vert det problematisk dersom dei eg møter alltid ser ein politikar.

Fleire med partibok
På Høyden har tidlegare skrive at Erlend Horn, som har vore rektor sin rådgivar, ikkje får vera det i desse valkamptider. Horn er toppkandidat for Venstre i Bergen, og rektor har sagt at sidan Horn er med han på mange møte kan han ikkje jobba som rådgivar samstundes som han er så politisk aktiv.

– Dei me møter skal ikkje få kjensla av å treffa nokon som sit på begge sider av bordet.

Men Olsen er ikkje den einaste UiB-rektoren som har vore medlem i eit politisk parti. Førre rektor, Sigmund Grønmo, var politisk aktiv på venstresida då han var student, og var mellom anna leiar i SUF, Sosialistisk ungdomsforbund, frå 1968-69. Jan Fridtjof Bernt, som var rektor frå 1996-98, er arbeiderpartimann. Han var mellom anna føreslegen som kandidat til partiet si liste før stortingsvalet i 2013, men nådde ikkje opp .

Forskar eller politikar
Sjølv om mange forskarar ikkje er politisk aktive, håpar rektor dei kan bidra i politiske prosessar. Men han er oppteken av at det å vera forskar og det å vera politikar er to ulike roller. I eit lesarinnlegg i Dagsavisen i sommar skreiv han om dei ulike rollene forskarar og politikarar har. Der forskarar har stor kunnskap om avgrensa område og tema, må politikarane velja og prioritera mellom til dels svært ulike samfunnsinteresser. I Storbritannia åtvara sir Venkatram Ramakrishnan, påtroppande leiar for Royal Society, som er vitskapsakademiet i Storbritannia, forskarar og akademia mot å sjå på seg sjølv som ei form for presteskap som påtrykkjer andre sine eigne meiningar og standpunkt. Men Royal Society ønskjer å bidra til ein forskingsbasert debatt om store, globale spørsmål.

– Det er fleire og fleire, både politikarar og andre, som treng råd frå forskarar. Då er det viktig at dei som produserer forsking er så uhilda som mogleg, seier Olsen til På Høyden.

Samstundes vil rektor gjerne ha engasjerte tilsette.

– Eg synest jo ein bør ha eit syn på ulike ting. Og eg håpar ein vil halda fram med å nytta røysteretten. Det har eg tenkt å gjera.

Powered by Labrador CMS