Synnøve Fluge er aktiv i velforeininga på Møhlenpris og har markert seg mellom anna i saka om stenging av Nygårdsparken. Ho er òg SV-medlem og representant for dei mellombels vitskapeleg tilsette i universitetsstyret. Her i diskusjon med byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.

Utfordrande å vera forskar og politikar

Publisert

Synnøve Fluge er ein av fleire UiB-tilsette som er både forskar og politikar. – Eg måtte tenkja meg om og gå nokre rundar før eg sa ja til universitetsstyret, seier ho.

I juni leverte Sondre Båtstrand doktorgradsarbeidet sitt ved Institutt for samanliknande politikk. Tema: Klimapolitikk. Samstundes er han førstekandidat for Miljøpartiet de grønne til valet i haust, og sit allereie no i bystyret.

– Dei to rollene gir meg kanskje nokre utfordringar når eg skal uttala meg som forskar. Eg har nok formidla mindre som statsvitar enn eg elles ville gjort. Samstundes har eg ikkje forska på politikk på det same nivået der eg sjølv er aktiv. Eg har forska på politikk på nasjonalt plan, det hadde vore verre dersom eg forska på bystyrepolitikken, seier Båtstrand.

Måtte gå nokre rundar
Som På Høyden har skrive, finn ein mange UiB-tilsette på lister for ulike politiske parti. Ein del av dei er vitskapeleg tilsette. Sjølvsagt kan dei òg stilla til val, sa forskingsleiar Dag Arne Christensen ved Uni Research Rokkansenteret.

Synnøve Fluge er stipendiat ved Institutt for sosiologi, universitetsstyremedlem – og SV-politikar. Ho står på sjuande plass på partiet si liste i Bergen.

– Dette med universitetsstyret kom litt bardust på. Då det spørsmålet kom var eg allereie i ferd med å ta eit steg lenger i politikken, seier Fluge.

Ho seier at sjansen for at ho kjem inn i bystyret er liten. Men at ho får ein plass i ein komité, anten som fast representant eller som vara, er slett ikkje usannsynleg.

– Eg måtte tenkja meg om og gå nokre rundar før eg sa ja til universitetsstyret. Men eg konkluderte med at å kombinera dei to rollene ikkje ville by på noko problem, seier Fluge.

Tydelegare, ikkje sterkare
Som politikar veit alle kva ho står for. Men òg andre har sine historier og medlemsskap, som kanskje ikkje er like uttala.

– Eg tenkjer at det er ei ugrunna frykt blant mange for å flagga politiske standpunkt. Dersom ein vegrar seg fordi ein har eit verv, kan ein jo òg tenkja at det er mange yrke der ein skulle vore politisk nøytral, seier Fluge.

Båtstrand er samd.

– Det handlar jo om å klargjera sin eigen posisjon. Alle forskarar har politiske meiningar, men nokre er meir uttala enn andre. Det er ikkje slik at meiningane mine er sterkare enn andre sine, dei er berre tydelegare, seier han.

Han seier at det ikkje er lett å leva opp til idealet om den nøytrale forskaren, og at det difor er ekstra viktig for han at forskinga hans er reinhårig.

– Eg stilte meg sjølv mellom anna spørsmålet om eg som forskar kan ta utgangspunkt i at klimaendringane er menneskeskapte. Politikaren i meg meiner jo det, seier Båtstrand.

SV-medlem og professor
SV si liste står òg Knut Vikør. Han er professor i historie, forskar på islam, og er ein av fleire forskarar som har vorte skulda for å vera ein venstreradikal, som romantiserer muslimske ekstremistar.

– Eg har aldri vore borti at nokon har stilt spørsmål ved om eg kan vera professor og stå på lista for eit politisk parti. I prinsippet er det heilt uproblematisk. Alle har eit yrke, seier Vikør.

Han seier at han berre ein gong har vorte møtt med eit argument av typen «du som er SV-ar meiner jo at…».

– Når det gjeld skuldingane mot meg som forskar hadde dei kome uansett. Når ein jobbar fagleg med og uttrykkjer seg om islam, vil dei som er usamde med ein alltid bruka ymse merkelappar, seier Vikør, som er plassert langt nede på SV si liste i Bergen.

Sondre Båtstrand leverte avhandlinga si i juni, men har ikkje disputert. – Det er ikkje tilfeldig at eg forskar på klima, seier Miljøpartiet de grønne sin førstekandidat i Bergen. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Knut Vikør er professor i historie. Han står som listefyll på SV si liste. – Eg har vore med i lokallagsstyre i nokre periodar, men eg har aldri vore veldig politisk aktiv. Eg har vore meir aktiv som målmann, seier Vikør. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS