Erlend Horn er Venstre sin toppkandidat i Bergen. Men han er langt frå den einaste UiB-tilsette som står på liste for eit politisk parti denne hausten. Arkivfoto: Dag Hellesund

UiB-kandidatane

Publisert

Sjå lista over kva UiB-tilsette som er på val denne hausten – som medlemmer i politiske parti.

– Ja, svarar Dag Arne Christensen kjapt på spørsmålet om professorar  eller universitetsstyremedlemmer bør stå på lister for politiske parti.

– Dei har same rettar som alle andre. Men dei må sjølvsagt klara å skilja dei ulike rollene dei har. Men ein kan ikkje gi desse gruppene yrkesforbod, seier Christensen, som er forskingsleiar ved Uni Rokkansenteret.

Det raude universitetet?
Det er under ei veke att til kommune- og fylkestingsvalet, og det finst vel knapt ein kommune i heile landet som ikkje har fått besøk av rikspolitikarar. På Torgallmenningen står valbodane tett. Nokre av dei som står der, arbeider kanskje ved UiB.

På Høyden har gått gjennom vallistene for Bergen og dei næraste kommunane. Truleg er det namn me har oversett, men redaksjonen har funne ein heil del UiB-tilsette. Mange av dei høyrer heime på venstresida, men òg Venstre er godt representert.

– Eigentleg skulle ein tru at skilnaden hadde vorte mindre. Ein hadde ei klårare radikalisering av universitetet tidlegare, særleg på 1970-talet. Men samstundes er det slik at nokre parti, som Arbeiderpartiet og SV, er sterkare knytt til offentleg sektor, seier Christensen.

Høgare utdanning + offentleg sektor
Christensen seier at det ikkje er gjort eigne valundersøkingar ut i frå kor ein jobbar.

– Men ofte stiller ein spørsmål om kva utdanning ein har. Då finn ein at dei som har høgare utdanning og jobbar i offentleg sektor oftare røystar på partia til venstre. Ein finn òg at dei som har høgare utdanning i større grad enn dei med lågare utdanning deltek politisk. Det vil seia både står på liste, men òg nyttar røysteretten, seier Christensen.

Her er lista
Dette er UiB-namna redaksjonen fann. Har me oversett nokre? Tips oss gjerne på tips@pahoyden.no

Bergen kommune:
Miljøpartiet de grønne:
Sondre Båtstrand, stipendiat, Institutt for samanliknande politikk, toppkandidat
Iselin Åsedotter Strønen, førsteamanuensis, Institutt for sosialantropologi
Brit Olaug Kalsnes, seniorkonsulent, Studieadminsitrativ avdeling
Thor Øyvind Jensen, førsteamanuensis, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Rødt:
Sofie Marhaug, vitskapeleg assistent, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (toppkandidat)
Dag Hovland, forskar ved Institutt for informatikk

SV:
Synnøve Fluge, stipendiat, sosiologi
Anders Parmann, student, tidlegare representant i universitetsstyret
Lise Rakner, professor, Institutt for samanliknande politikk
Knut Vikør, professor, Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap
Jørgen Melve, førstekonsulent ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet og hovudtillitsvalt NTL
Kerim Nisancioglu, professor, Institutt for geovitskap
Terje Knutsen, førsteamanuensis, Institutt for samanliknande politikk

Venstre:
Erlend Horn, rådgivar for rektor, no kommunikasjonsavdelinga (toppkandidat)
Njaal Neckelmann, tidligare med i Studentparlamentets sitt arbeidsutvalg
Mathias Ulrik Seip Bratz-Queseth, tidligare universitetsstyrerepresentant
Hans Carl Tveit, rådgivar ved universitetsdirektørens kontor
Erik Hauke Tønnesen, universitetsbibliotekar
Per Arne Larsen, seniorkonsulent, Studieadministrativ avdeling

Høgre:
Irene Ludvigsen Husa, senioringeniør, IT-avdelinga

Arbeiderpartiet:
Endre Tvinnereim, forskar, Uni Research Rokkansenteret

Askøy kommune:
Venstre:
Arild Raftevoll, overingeniør, IT-avdelinga (toppkandidat)
Morten Christian Bernson, senioringeniør IT
Jordan Baumann, vitskapeleg assistent, Institutt for fysikk og teknologi

Fjell kommune:
Arbeiderpartiet:
Anne Hestnes, førstekonsulent, Institutt for framandspråk

Os kommune:
Miljøpartiet de grønne:
Sigbjørn Grønås, professor emeritus, Geofysisk instiutt

Venstre:
Torodd Kinn, professor, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Osterøy kommune:
Venstre:
Bjørn Tore Sund, senioringeniør, IT-avdelinga

Øygarden kommune:
Høgre:
Ingrid Marie Toft, førstekonsulent ved universitetsdirektøren sitt kontor

Fjaler kommune:
Venstre:
Svein-Erik Hansen Helle, stipendiat, Institutt for samanliknande politikk

Fylkestingsvalet i Hordaland:
Ellen Liljedal Stavseth, rådgivar, NSD, for Arbeiderpartiet
Sigbjørn Grønås, professor emeritus, Geofysisk instiutt, for MPDG

 

 

Saka vert oppdatert

Professor Torodd Kinn står på Venstre-lista i Os. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Førstekonsulent Anne Hestnes står på lista for Arbeiderpartiet i Fjell. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Hovudtilllitsvalt Jørgen Melve står på SV si liste. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Morten-Christian Bernson frå IT-avdelinga står på Venstre si liste på Askøy. Arkivfoto: Privat
Professor Lise Rakner står på lista for SV i Bergen. Arkivfoto: Ida W. Bergstrøm
Mathias Ulrik Seip Bratz-Queseth er tidlegare studentrepresentant i universitetsstyret. Han står på Venstre si liste. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Arild Raftevoll frå IT-avdelinga er Venstre sin toppkandidat på Askøy. Foto: Tom-Stian Karlsen, Askøyværingen
Powered by Labrador CMS