Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fleire av politikarane som deltok på Nehom-prosjektet sin konferanse om sosial bustadpolitikk konkluderte med at det må byggjast fleire utleigebustader i Noreg. Ein av dei fremste talspersonane for dette var stortingsrepresentant Karin Andersen (SV). - Så lenge det ikkje finst ein skikkeleg leigedel av bustadmarknaden, vil ikkje situasjonen bli betre, hevda ho.
Nehom-prosjektet studerer bustad- og nærmiljøtiltak som bidrar til å betra livskvaliteten i utsette bydelar. På konferansen som vart halden i Loddefjord måndag 29. april vart resultata frå den norske delen av undersøkinga lagt fram, og bustadpolitikken i Noreg og Bergen vart drøfta meir generelt. Tiltak for utsette grupper på bustadmarknaden var særleg i fokus. Det var brei semje om at noko må gjerast når så store grupper som i dag har problem med å koma seg inn på bustadmarknaden. Ubalansen mellom tilbod og etterspørsel må bøtast gjennom auka bustadbygging generelt. Somme meinte at ein kraftig auke i talet på nye bustader ville vera nok til å regulera prisane, medan andre ikkje trudde dette var tilstrekkeleg. Bustadanalytikar Bjørn-Erik Øye frå Analysegruppen, Oslo meinte bustadpolitikken var prega av dobbeltmoral. Fagleg ansvarleg for NEHOM-prosjektet (Neigbourhood housing models), professor Arild Holt-Jensen ved Institutt for geografi, er nøgd med med dei politiske signala om meir innsats for dei svakare gruppene på bustadmarknaden.
Med i paneldebatten på konferansen var forutan Karin Andersen, politisk rådgjevar i Kommunaldepartementet, Roger Iversen, Bergenspolitikarane Liv Røssland (FrP), Heidi Havelin (Ap) og Henrik Glette (V) - samt Bjørn-Erik Øye frå Analysegruppen, Oslo og Mekonnen Germiso frå Nehom-prosjektet.
Manglar valfridom
- Me må ha ei form for regulering. Det som manglar i norsk bustadpolitikk, er ein skikkeleg leigedel av marknaden. Det er ein strukturmangel i norsk bustadpolitikk, hevda Karin Andersen. Ho avviste at det ville vera nok å berre tilretteleggja for raskare sakshandsaming og auka bustadbygging generelt
- I praksis har ikkje folk nokon reell valfridom. Det er mange som ønskjer å leige i periodar, men når det er så vanskeleg og dyrt som i dag vert dei i mange høve tvinga til å kjøpa noko dei verken har råd til eller ønskjer, sa Andersen.
- Dobbeltmoral
- Me har hatt ei deregulering og ei sentralisering. No snakkar enkelte som om marknaden framleis var regulert - det er han jo ikkje. Anten må politikarane godta at det vert store skilnader, eller så må ein seia at ein vil ha ein regulert marknad igjen, sa Øye. Han meinte det ville vera mogleg å setja seg konkrete mål for ein kraftig auke i bustadbygginga, men at eit av problema i dag er at nye bustader vert for dyre som følge av at plan- og byggjeprosessane tek altfor lang tid. Som regel er det utbyggjarane som må ta risikoen dette medfører, og dette er med på å fordyra utbygginga.
På konferansen var det også føredrag av byplanleggjarar og forskarar frå andre delar av landet.
Positive signal
- Bustadutgreiinga NOU 2002:2 som vart lagd fram 15.februar i år syner klart skilnaden mellom Noreg og dei andre nordiske landa i innsatsen på den sosiale bustadmarknaden. Noreg skil seg ut med det mest marknadsliberale bustadsystemet i Norden, med svake sosiale stønadsordningar og med ei sterk skattesubsidiering av dei som eig bustaden sin, seier Holt-Jensen.
Skattesubsidieringa er tre gonger større enn overføringane til sosiale butiltak, og dette er gunstigast for dei som eig mykje eigendom. I Danmark og Sverige er det stor bustadskatt, men også store sosiale bustadoverføringar. Holt-Jensen seier at dette er et ‘bakgrunnsteppe’ for NEHOM-prosjektet, som først og fremst ser på positive lokale initiativ som er teken innen ramma av dei nasjonale bustadsystema i dei åtte samarbeidslanda.
- Vi har mange positive lokale initiativ å peike på i Noreg. Men også burettslagssystemet i Noreg er noko vi gjerne skulle ha eksportert til andre land. Integreringa av sosialbustader i burettslaga gjennom ‘10%-regelen’, reguleringa av framleige og det lokale ansvaret i kvart burettslag er særleg positive element, seier Holt-Jensen til På Høydene, og håper dette no ikkje blir svekka med endringar i burettslagslova.
I slutten av mai skal partnerane i prosjektet frå dei åtte landa samlast til arbeidsseminar i Bergen for å oppsummera prosjektet halvvegs og starte analysen av korleis initiativ og reglar innan den sosiale bustadsektoren kan overførast frå land til land.