Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva nytte kan Vestlandsregionen ha av naturgass? Det er tema for eit ope seminar i regi av Forskingsdagane torsdag kveld.
Noreg er storprodusent av naturgass, men berre små mengder av gassen blir utnytta her i landet. Mesteparten blir eksportert til andre land. På seminaret torsdag kan ein få høyre meir om dei moglegheitene og utfordringane som ligg i utnytting av naturgass i regionen. – I samband med innføringa av kvalitetsreforma fekk vi eit eige tverrfagleg studieprogram i olje og gass. Programmet byggjer vidare på den aktiviteten vi har hatt lenge innanfor områda petroleums- og prosessteknologi, men inneber også nysatsing og fagsamansetningar som går på tvers av den tradisjonelle instituttstrukturen, fortel han. Det er mange og sterke meiningar om kva som skal skje med gassen når han er henta opp til overflata. I dag blir det aller meste eksportert i påvente av såkalla utsleppsfrie gasskraftverk.
– Her på Vestlandet har vi jo ressursane rett utanfor døra, så det er veldig naturleg at olje- og gassteknologi er ei nisje i forsking og undervising hos oss, meiner professor Geir Anton Johansen ved Institutt for fysikk og teknologi.Han skal innleie om UiB si satsing på utdanning innanfor prosessering og måling av naturgass.
Satsar tverrfagleg
Fagmiljøet bak prosessteknologi-programmet deltok i kampen om å bli senter for framifrå forsking, og fekk svært god evaluering i prosessen. Spesielt er miljøet sterkt på fleirfasemålingar og separasjon, som er sentralt i utvinning av naturgass.
– No blir meir og meir av separeringa gjort på havbotnen. Ein ønskjer gjerne å re-injisere vatnet i reservoaret, og berre hente opp hydrokarbona. Det stiller høge krav til teknologien. Vatn og sand, olje og gass blir separert i store tankar. Eitt problem er at ein har blandingstilstandar i overgangen mellom vatn og olje, og mellom olje og gass. Vi er interesserte i å gjere desse blandingslaga minst mogleg, slik at fasane blir så reine som råd. Vi vil også bli betre på å måle kvar desse blandingslaga er. Slik kan vi forbetre utstyret og få ei meir effektiv separering. Vi ønskjer dessutan å forstå betre korleis fleirfasestraumar oppfører seg, mellom anna for lettare å kunne måle dei fortel Johansen.
Vil ha betre utnytting lokalt
– Naturgass kan mellom anna nyttast i brenselceller. Oftast må gassen omdannast til hydrogen først, men hos oss arbeider vi også med teknologi som forbrenn naturgass direkte. Det gjev betre utnytting. Dersom ein meiner at CO2-utslepp er eit problem, så er det i det minste rein CO2 som blir produsert, og dermed er han lettare å skilje ut, seier professor Alex Hoffman ved IFT.
Han har ei bistilling i Prototech AS, eit selskap i CMR-gruppa, som også skal vere representert på seminaret.
Også andre representantar frå industrien og frå interesseorganisasjonen Hordaland Olje og Gass (HOG) vil fortelje om sine visjonar for bruk av naturgass på Vestlandet. Fleire peikar på at ein overgang frå anna fossilt brensel til naturgass vil redusere utsleppa av CO2.
– Hos oss meiner mange at det er ei ulukke at vi ikkje kan få utnytta meir av gassen lokalt, seier Geir Anton Johansen, som er glad for at studentane no flokkar seg om det nye programmet i olje og gass.