Postdoktorane si framtid

Publisert

Kva skjer dersom ein postdok går rett over i eit vikariat etter endt postdok-periode? Ved UiO diskuterer ein no kva ein postdok er og skal vera, og problemstillinga er ikkje ukjent ved UiB heller.

– Ei postdok-stilling er ei åremålsstilling og gir isolert sett ikkje rett til noko som helst. Difor er det heller ikkje noko problem om det ligg undervisning inne i postdoken. Men det er juridisk uavklart kva som skjer dersom ein går rett vidare i eit vikariat etter postdok-perioden. Dersom ein har hatt ein del undervisning på slutten av postdok-perioden, og så får ei mellombels undervisningsstilling – vel, då liknar dei to stillingane på kvarande. Og då kan ein argumentera med at ein har hatt same stilling i meir enn fire år.

Det seier Steinar Vagstad, som er leiar i Forskarforbundet ved UiB. Ved UiO har ein tidlegare postdoktor etterlyst ein debatt om postdoktorordninga, etter at ho fekk beskjed om at ho ikkje kunne verta tilsett i ein undervisningsstilling etter endt postdok-periode. Ein instituttleiar Uniforumhar snakka med fortel at ho har fått beskjed om at postdoktorar som er eksternt finansierte ikkje skal undervisa. Dette for at dei ikkje skal opparbeida seg fortrinnstrett til faste stillingar.

Pest eller kolera
Vagstad stadfestar at liknande problemstillingar har vorte drøfta ved UiB.

– Eg har vorte kontakta i samband med ei sak der ein lurte på kva som kom til å skje dersom ein tilsette ein kandidat i eit vikariat rett etter at postdok-perioden var ute.

Den såkalla fireårsregelen viser til Arbeidsmiljølova, der det heiter at «arbeidstaker som har vært sammenhengende midlertidig ansatt i mer enn fire år etter første ledd bokstav a og b, skal anses som fast ansatt slik at reglene om oppsigelse av arbeidsforhold kommer til anvendelse».

Punkt a og b viser til at det berre er lov å tilsetja i mellombelse stillingar når karakteren arbeidet har tilseier det og arbeidet skil seg frå det som ordinært vert utført i verksemda, eller når ein er tilsett i vikariat.

Vagstad synest problemstillinga er vanskeleg på fleire måtar.

– Dersom det er slik at ein kan krevja fast jobb viss ein får ei mellombels stilling etter postdok-perioden, betyr det at ein får fast jobb utan konkurranse. Det likar Forskarforbundet dårleg. Men alternativet er at ein ikkje vil verta tilsett i slike vikariat – fordi ein då kan ha krav på fast jobb. Det betyr jo i realiteten at det vert eit yrkesforbod for ei gruppe, og det likar me sjølvsagt heller ikkje.

Postdok=forskar?
– Har ein lov til å lata vera å tilsetja ein kandidat dersom ein veit at tilsetjinga vil utløysa fast jobb, spør Vagstad.

– Det er noko me har diskutert.

Han seier at nokre postdok-stillingar liknar mistenkjeleg på forskarstillingar.

– Eg mistenkjer at jobben som vert gjort ikkje er ulik.

I utgangspunktet er fagforeiningsleiaren skeptisk til å bruka fireårsregelen for å gi postdoktorar fast jobb like etter perioden.

– Men det kjem sjølvsagt an på. Ein har tilfelle der ein person først har ein mellombels forskarstilling nokre år, så vert ein tilsett som postdok, og så får ein på nytt eit engasjement som forskar. I slike tilfelle vil ein etter mitt syn kunne ha krav på fast jobb, seier Vagstad.

Har løysinga klar
Han seier at det ikkje har noko å seia kven som betalar for stillinga, men at det har noko å seia kor ein er tilsett.

– Mange trur at det er nesten fritt fram dersom det er eksterne midlar som skal betala stillinga, men slik er det ikkje. Men me ser mange tilfelle der personar er tilsett ein periode ved UiB, så i randsona, og så kjem attende til UiB. Men heile tida gjer dei eigentleg den same jobben, seier Vagstad.

Han har ei løysing på problemet: Bruk ressursane på faste stillingar i staden for mellombelse stillingar.

– Eg meiner at dersom ein må ta inn vikar fordi ein forskar skal ha forskingstermin – då er ein underbemanna i utgangspunktet. Slik Forskarforbundet ser på saka, bør ein i mykje større grad tilsetja i faste stillingar, og så får ein heller seia opp nokon dersom grunnlaget for stillinga forsvinn. UiB er så stort, og folk både flyttar på seg og går av med pensjon, så kva er det eigentleg som kan gå gale dersom ein lyser ut faste stillingar?

 

Framsidefoto: Magnus Vabø

 

 

Powered by Labrador CMS