Premiere på femti år gammal film

Publisert

Tysdag 11. februar kl. 14.00 på Cinemateket har ein meir enn femti år gammal film premiere i Bergen. Då synar Bergen Museum dokumentarfilmen “Havretunet” frå 1952, som handlar om det eineståande Havråtunet på Osterøy. Onsdag 12. vert det skipa til eit seminar om filmen og kulturminnet Havråtunet.

– Eg fyller åtti år i år og i fjor rekna eg ut at det er femti år sidan eg var med å laga denne filmen. Då syntes eg det var på tide at han vart vist offentleg, seier folkelivsgranskar mag.art. Brita Gjerdåker Skre, initiativtaker til den uvanlege filmpremieren og forfattar av “Havråboka - Soga om ein gammal gard på Osterøy” frå 1994.

Ho meiner filmen framleis er viktig for å gi oss eit perspektiv på landet vi bur i og folket vi ættar frå.

– Havrå er eit like viktig kulturminne som Bryggen i Bergen og Nidarosdomen i Trondheim, seier ho, spend før premieren og spend på kva kritikarane kjem til å skrive.

– Eg får ta det som det kjem. Eg håper eg slepp å bli skuffa, seier ho.

Få attlevande

“Første gongen eg kom til den veglause garden Havrå på Osterøy, var ein solskinnsdag i juli 1949. Eg kom austanfrå med lokaltoget frå Voss, heimbygda mi. På Herland, der dei no byggjer bru over til Osterøy, steig eg av toget og gjekk ned til kaien. Derifrå skulle eg over fjorden i ein motorbåt som gjekk med mjølk og varer. Motorbåten såg eg ikkje noko til, men ein liten robåt låg og venta på eit ungt par frå Vimmelvik som hadde vore til Herland for å handla. Dei rodde meg over fjorden og sette meg i land ved Laet rett nedanfor Havråtunet. Så gjekk eg Laveien opp dei bratte bakkane”, skriv Skre om Det grøderike året på Havrå i boka si.

Då filmen om Havråtunet vart festa til filmrullane i 1949/50 var ho ung etnologistudent og heldig som vart spurd om å vera vitskapleg assistent på det unike filmprosjektet. Initiativtakar og fagleg ansvarleg for filmen var kunsthistorikaren og museumsmannen Robert Kloster (1905-79), som seinare vart professor ved UiB. Fotograf og regissør var Sigurd Agnell frå produsenten Norsk Film A/S. Saman dokumenterte og registrerte dei livet på Havrå gjennom eit heilt år. I dag er det berre to attlevande av dei som var med i filmgruppa på seks personar. Det er Brita Gjerdåker Skre og industriarbeidar Johannes Torp, som også hadde sentrale oppgåver i produksjonen. Dei kjem begge til premieren tysdag og det vert høve til å stilla dei spørsmål etter framsyninga.

Filmen som skal synast har ei speletid på to timar og femten minutt. Det finst ein kortversjon av filmen, med speletid på 67 minutt, som hadde premiere i Bergen i 1956 og i Oslo i 1957. Mange norske skuleelevar og studentar har sett kortversjonen av Havråfilmen, men få har sett langversjonen, som aldri tidlegare er vist offentleg.


Grunnlag for freding

Målet med filmen var å dokumentera korleis dei levde og arbeidde på Havrå, ein heilt unik gard sidan han hadde unngått utskiftinga og difor hadde både det gamle klyngetunet intakt og teigane blanda i dei bratta bakkane ved Sørfjorden. Filmen om Havrå la grunnlaget for fredinga av det gamle tunet. Lenge var det snakk om å freda berre tunet og den næraste innmarka. I 1998 vart heile gardsområdet med inn- og utmark freda. Garden Havrå var det første store vernetiltaket i Noreg som omfatta eit samanhengande kulturlandskap.

– For femti år sidan var omsynet til dokumentasjon av den tradisjonelle garden avgjerande. I dag har nok formidlingsaspektet fått større betydning, seier fyrsteamanuensis Hans-Jakob Ågotnes ved Seksjon for kulturvitskap ved UiB.

Onsdag 12. februar held han innlegg om Havråtunet som kulturminne og tradisjonsformidlar på seminaret om Havrå, som vert halde i Auditoriet på Bryggens Museum klokka 10-16.

– Eg kjem til å halde eit faghistorisk innlegg om korleis synet på Havrå som kulturminne har endra seg sidan 1950 og kva som ligg i korta framover, seier Ågotnes.

Han fortel at kulturforskarane på mange måter tenkte overraskande moderne for femti år sidan, men at mange ting likevel skil deira syn frå vårt. Uansett meiner han Havråtunet og filmen om det er både faghistorisk og kulturhistorisk særs interessant og noko vi kan få mykje ut av å sjå på i dag.

På seminaret vert det også innlegg frå direktør Nils Georg Brekke om Robert Kloster, Brita Gjerdåker Skre om korleis Havråfilmen vart til og fyrsteamanuensis Frode Storås om dokumentarfilm - då og no.

Powered by Labrador CMS