Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Institutt for indremedisin har oppsummert forskingsåret 2003 gjennom ein posterpresentasjon på instituttet. 32 prosjekt deltok, og ein bedømmingskomité kåra tre verdige vinnerar som fekk pengepremiar for dei beste posterane.
– Posterane vart vurdert utfrå fagleg innhald, presentasjon, og tildels nyhendeverdi. Men det faglege innhaldet vog sjølvsagt tungt, fortel Peter Huszthy frå arrangementskomitéen. Huszthy var sjølv med på å lage posteren som vann førsteprisen ved presentasjonen i fjor. Førstepremien blei motteken av Sigbjørn Berentsen som no er tilknytta sjukehuset i Haugesund. Vinnarposteren er eit resultat av meir enn ti års arbeid, opplyser Bjørn Tore Gjertsen ved Institutt for indremedisin og Medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssykehus. Han er med i gruppa som har laga posteren. Andreprisen vart vunne av Gülen Arslan for eit prosjekt som tok for seg bruk av selolje i behandling av pasientar med leddsmerter og inflammatorisk tarmsjukdom. Behandlinga vart testa på ei gruppe pasientar, medan ei anna gruppe fekk placebo i form av vanleg soyaolje. Det synte seg at pasientane i den første gruppa hadde signifikant reduserte leddsmerter etter behandling med selolje.
Vaksine med genetisk modifiserte eggekvitestoff
– Det dreier seg om ein type lymfekreft som ligg i beinet. Sjukdommen er ikkje dødeleg i seg sjølv, med pasientane er sterkt plaga av låg blodprosent. Det kjem av at i låge temperaturar klumpar blodcellene seg saman med eit eggekvitestoff, og så sprekk dei. Pasientane blir invalidiserte på den måten at dei ikkje kan gå ut store delar av året - litt kald vind i andletet kan vere nok til å sende dei på sjukehus, fortel han.
Opp gjennom åra har ein prøvd mange ulike behandlingar. Den nye behandlinga går ut på å gje pasienten ei vaksine med genetisk modifiserte eggekvitestoff som angrip lymfekreftcellene. Og det har synt seg å vere effektivt.
– Nokre har blitt heilt friske, og nesten alle har opplevd ein effekt av behandlinga. No er dette i ferd med å bli ei innarbeida behandlingsform, og konseptet for studien dannar dessutan mal for andre studiar vi planlegg i framtida, seier Gjertsen.
Selolje mot leddsmerter
Vinnarposteren fekk 10.000 kroner, andre- og tredjeprisen var på 5.000 kroner kvar. Prisane vart delte ut av adm.dir. i Helse Bergen, Anne Kverneland Bogsnes. Talet på deltakarar var auka mykje frå i fjor, med 32 mot 21. Posterane har vore presenterte på møte og konferansar gjennom heile 2003, og meininga er at presentasjonen og prisutdelinga skal vere ein årleg seanse på instituttet.