Presenterte Norsk klimasenter for miljøvernministeren

Publisert

Måndag lanserte Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt fellesprosjektet Norsk Klimasenter. Mykje av målsettinga er å tilby kompetanse og verktøy til forvalting og næringsliv.

Lanseringa skjedde ved UiB under eit besøk frå miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Norsk klimasenter er eit formalisert samarbeid mellom Meteorologisk institutt og Bjerknessenteret, som igjen representerer UiB, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet. Senteret skal levere kunnskap om klimaendringar, tilby klimavarsel med korte og lange tidshorisontar, og vere premissleverandør for utvikling av klimapolitikk nasjonalt og internasjonalt. Statsråden fekk ein gjennomgang av aktiviteten ved dei to institusjonane som no går saman om klimasenteret, og fekk også høyre litt om kva senteret vil utrette.

Vil tilby hundreårsvarsel

– Klimaendringar er, om ikkje den største, så i alle fall ein av dei største utfordringane vi står overfor i dag. Noreg og våre nærområde har heilt spesielle klimatiske tilhøve som gjer oss godt rusta til å arbeide på slike problemstillingar, sa professor Helge Drange ved Bjerknessenteret.

Norsk klimasenter tek mål av seg til både å få betre forståing av årsakene til klimaendringar, og å kunne varsle dei. Senteret legg opp til å levere både sesongvarsel, tiårsvarsel og hundreårsvarsel.

– Korleis kan vi gjere det når vi veit at eit vanleg vêrvarsel bryt saman etter få dagar? Klimavarsel gjev oss ikkje vêret på ein bestemt dag ti år fram i tid, men fordi vi kjenner til samanhengar mellom slikt som havtemperatur og lågtrykksaktivitet, eller snødekket i Sibir og nedbør i Nord-Europa, kan vi likevel antyde korleis klimaet vil bli, sa postdoktor Ina Kindem.

– Sesongvarsel vil kanskje ikkje vere så effektivt for folk flest, men for til dømes kraftbransjen og andre som skal planlegge, kan det spele ei stor rolle, meinte ho.


Oljen gjev etisk ansvar

Statsråden fekk også smakebitar frå problemstillingar som: Korleis veit vi at dagens klimaendringar er menneskeskapte? Vil Golfstraumen forsvinne? Kva er samanhengen mellom klimaendringar og luftkvalitet? Og ikkje minst: Kva innverknad har klimaendringar på ressursane i havet?

Hareide signaliserte sterk interesse for samarbeidet, og meinte forskarane tenkjer klokt ved å søke saman.

– Diverre vil de ikkje bli arbeidsledige med det første, trudde han.

Hareide la også vekt på at Noreg sin status som oljenasjon, og vår geografiske plassering, gjev oss eit ansvar for å medverke til større kunnskap om klimaendringar.

– Eg ser dessutan med glede at de legg stor vekt på å gjere kunnskapen tilgjengeleg. Dersom kunnskapen skal få utslag i praktisk politikk, er det viktig å formidle kunnskapen til eit større publikum, sa han.

Norsk klimasenter er førebels eit samarbeid mellom Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt, men Drange presiserte at senteret gjerne vil inkludere andre institusjonar i samarbeidet.

Powered by Labrador CMS