Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regnbogedagane i Bergen, Bergen Pride, vert avslutta med Pride-parade laurdag. Pride-festivalen og –paraden feira i utgangspunktet skeiv kjærleik. No skriv Bergen Pride på nettsidene sine at dette er ein parade for alle som ønskjer å feira kjærleik og mangfald.
I år kan ein for første gong gå under ei UiB-fane i paraden. «Mangfold som former samfunnet» skal det stå på den.
— Eg meiner det er viktig at UiB er synlege i den største feiringa av likestilling og mangfald. Å gå bak UiB-fana skal vera ein trygg stad for alle, òg for dei som ikkje nødvendigvis kjenner seg heime under den skeive paraplyen .
Det seier Hannah Gillow-Kloster, fagleg leiar for Skeivt arkiv.
— UiB meiner at mangfald er riktig og viktig, seier rektor Dag Rune OIsen, som sjølv skal gå i paraden.
Margareth Hagen
— I tillegg er det slik at studentar i mange land, òg land UiB samarbeider med, lever stader der homoseksualitet og det nokre oppfattar som avvikande, er ulovleg. Gjennom å gå i pride-paraden kan me visa solidaritet med dei, seier Olsen.
Prorektor Margareth Hagen skal òg gå i paraden.
— Det er nesten utenkjeleg å ikkje vera med, eigentleg synest eg det er ei skam at UiB ikkje har gått tidlegare år. Det er viktig å visa kva me står for; mangfald og aksept for mangfald, seier ho.
Gillow-Kloster viser til at UiB som kunnskapsinstitusjon legg til rette for mangfald.
— Me er til dømes eit av få universitet i verda som har eit eige skeivt arkiv, seier ho.
Laurdag er det oppmøte for tilsette og studentar på Festningskaien. Studentane har sitt eige arrangement først, og går i samla flokk frå studentsenteret.
— Kor mange reknar de med at kjem?
— Me anar ikkje, humrar Gillow-Kloster.
— Først snakka me om femti, men eg trur me landa på å tinga 500 t-skjorter. Så alt mellom der ein stad… Dette er upløygd mark.
Dei som skal gå i paraden vil få utdelt t-skjorter og regnbogeflagg. Det er òg tinga t-skjorter i barnestorleik, så både tilsette og studentar er velkomne til å ta med barna sine.
Hannah Gillow-Kloster
— Paraden endar opp på Festplassen. Her er det Pride Park, der mellom anna Skeivt arkiv skal ha stand. Me er med på fleire arrangement i løpet av veka, og regnbogeveka er òg siste sjanse til å få sett utstillinga «Skeivt uteliv» på Universitetsmuseet, reklamerer Gillow-Kloster.
Under regnbogeveka skal det flaggast med regnbogeflagget utanfor Muséplass 1.
— Eg er stolt av at arbeidsplassen min vil reflektera og feira alle tilsette, seier Gillow-Kloster.
Ho plar gå i Pride-paraden, og seier ho i fleire år har ønska å kunne gå under UiB si fane.
— Me som er skeive tilfører UiB eit mangfald, seier Gillow-Kloster.