Prioriterer dei unge

Publisert

Når Forskingsrådet lyser ut frie prosjektmidlar i vår, vil dei unge talenta få ein eigen kategori.

– Me ønskjer å treffa unge forskarar, som anten er i slutten av ein postdok-periode eller mellom postdok og fast stilling.

Det seier Anders Hanneborg, divisjonsdirektør i Forskingsrådet.

Forskingsrådet skriv på sine nettsider at når Fri prosjektstøtte (Fripro) vert lyst ut til våren, kjem det til å verta nokre endringar: Ein vil leggja vekt på djervskap og fornying – det kan gi prosjekt med større potensiale for nyvinningar. I tillegg vil ein altså prioritera dei unge.

Krav om minimumsvolum
– Om det skal vera ei øvre aldersgrense når det gjeld kven som skal definerast som unge, er noko me vil ta opp med styret. Me ønskjer å treffa forskarane tidleg i karriereløpet, og vil auka talet på unge forskarar som får prosjektstøtte, seier Hanneborg til På Høyden.

Han seier at dei tre fagkomiteane som skal velja ut dei beste prosjekta, vil få krav om eit minimumsvolum som skal gå til unge forskarar.

Hanneborg understrekar at det ikkje er slik at unge forskarar i dag ikkje får prosjektstøtte. Men det er enklare for eldre forskarar med lenger CV å nå gjennom.

– Det er òg slik at særleg innan dei fagfelta der det er kamp om arbeidskrafta, er det mange som forsvinn frå akademia etter endt postdok-periode. Me håpar denne ordninga kan vera med på å halda fleire av dei aller flinkaste i akademia, seier Hanneborg.

Ber om meir pengar
– Vil prioriteringa av dei unge gå ut over dei meir etablerte forskarane?

– Kor stor auke me kan gi dei unge er avhengig av kva Kristin Halvorsen kjem med i budsjettet for 2014. I Forskingsrådet sitt forslag til budsjett er ei satsing på dei unge prioritert.  Men me kjem til å dreia den vegen uansett om me får meir pengar eller ikkje. Det vil bety tilsvarande mindre til dei etablerte forskarane, seier Hanneborg.

Når det gjeld fordeling mellom ulike fag, seier divisjonsdirektøren at planen er å dimensjonera talet på innvilga søknader slik at det stemmer med kor mange prosent av forskinga som skjer innan fagområdet.

– Vanskeleg å nå opp
– Eg synest ei slik ordning verkar veldig bra, seier Inga Berre.

34-åringen er førsteamanuensis ved Matematisk institutt ved UiB.

– Dette vil verta ei ordning som liknar den ERC har. I dag er det i mange samanhengar vanskeleg for unge forskarar å nå opp. Når ein søkjer om midlar vert både den vitskaplege kvaliteten, men òg prosjektleiaren, evaluert.  Unge prosjektleiarar har mindre røynsle  – det gjer at dei ikkje får topp evaluering som prosjektleiarar, seier Berre.

– No er det slik at det kan vera er ein ung forskar som er tilsett i mellombels stilling som skriv sjølve søknaden, men ikkje står som prosjektleiar. Då får ein heller ikkje dette på CV-en, legg ho til.

– Eg har høyrt historier der forskarar i mellombels stilling har teke initiativ til eit prosjekt og i all hovudsak skrive søknaden. Men sjølv om prosjektet når opp er dei ikkje garantert å få stillinga det er midlar til – for den må lysast ut, illustrerer Berre.

– Meir attraktivt
Òg Edit Bugge (29), stipendiat ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, er positiv til ei ordning der unge forskarar vil verta prioritert.

– Berre har rett i at det ofte er mellombels tilsette som har ansvar for å skriva søknader. Ei ny ordning vil gjera at dei unge forskarane får meir ære for den jobben dei faktisk gjer. Det vil sjølvsagt òg vera meir attraktivt å bruka tid på å skriva søknader dersom ein veit at det er større sjanse for at ein får midlar, seier Bugge.

Ho seier at det er godt nytt at Forskingsrådet vil satsa på dei unge.

– Men eg trur samstundes det er slik at det dei unge forskarane ønskjer seg mest, er fast jobb. Det hadde nok vore meir jubel dersom ein kunne få opp talet på faste stillingar, seier Bugge.

Skeptisk til aldersgrense
Ho er skeptisk til at Forskingsrådet vil innføra ei aldersgrense for kven som vert rekna som unge.

– Kanskje særleg innan humainora tek mange ein annan veg. Ein gjer noko anna nokre år for så å koma attende til akademia. Dei som gjer det, skal ein òg ta vare på, meiner Bugge.

Samstundes trur ho at nettopp ei aldersgrense kan vera bra for kjønnsbalansen.

– No er det svært mange kvinnelege stipendiatar, og eit slikt tiltak kan gjera det lettare for akademia til å halda på dei beste av desse og vidareføra ein god kjønnsbalanse oppover i systemet.

– Ordninga vert ei form for kvotering. Korleis vil det kjennast å få pengar fordi ein er ung – kanskje ikkje fordi ein er best?

– Ja, det er eit spørsmål. Men eg trur ei slik endring som dette vil gjera at ein viser kven som faktisk søkjer. Slik det er i dag, er det alltid eit spørsmål kven det er strategisk lurt å setja opp som prosjektleiar, seier Bugge.

 

Powered by Labrador CMS