Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Broegelmanns Forskningslaboratorium ved Gades Institutt er tildelt Helse Vest sin forskingspris for 2009. Professor Roland Jonsson mottok prisen.
Broegelmanns Forskningslaboratorium ved Gades Institutt er tildelt Helse Vest sin forskingspris for 2009. Professor Roland Jonsson mottok prisen. – Det er veldig hyggeleg å få ein slik pris. Det er ei anerkjenning av eit arbeid som vi har halde på med i mange år. Det at vi har klart å få til eit godt samarbeid mellom kliniske einingar og laboratorieeiningar, gir som resultat at vi får god translasjonsforsking. På dette viset oppnår vi meir kunnskap for pasientane sin del, seier Roland Jonsson i ei pressemelding frå Helse Vest. I si grunngjeving har komitéen lagt særleg vekt på forskingsarbeidet Jonsson har lagt ned i revmatologi. Komitéen rosar også den store forskingsaktiviteten ved fBroegelmanns Forskningslaboratorium, og peiker på at ein har publisert meir enn 200 vitskaplege arbeid i tidsskrift, ei rekkje kapittel i medisinske og immunologiske lærebøker og at ein har meir enn 6000 siteringar.
“Jonsson har vist en god evne til å koordinere klinisk og laboratoriemessig forskning. Det er tydelig at han har vært en drivende kraft i revmatologisk forskning på Vestlandet, og han har initiert Forskerskolen i inflammasjon” skriv komitéen i si grunngjeving.