Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tre biomedisin-forskarar stakk av med årets ICB-pris for beste kommersialiserbare forskingsresultat innan biovitskap.
Prisen vart delt ut på det andre bergenssymposiet for innovasjon og kommersialisering i biovitskap, ICB-symposiet, som har gått av stabelen på BB-bygget måndag og tysdag denne veka. Tema for årets symposium var ”Technology Transfer - Adding Value to Research and Regional Development”. Professor Stener Kvinnsland har leia juryen som har vurdert prosjekta, og sto for utdelinga av prisen. Professor Jan Haavik tok imot prisen, ein sjekk på 250.000 kroner og eit fat laga av kunstnaren Terje Skilbrei, på vegner av dei tre.
ICB-prisen 2005 gjekk til professorane Jan Haavik og Aurora Martinez ved Institutt for biomedisin, og professor Per M. Knappskog ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin. Dei tre får prisen for eit nevrobiologisk forskingsprosjekt som har som målsetting å utvikle nye behandlingsprinsipp for depresjonar og relaterte psykiske sjukdommar.
Folkesjukdom
– Depresjon er ein folkesjukdom der så mange som ein av fire blir ramma i løpet av livet, siterte han frå juryen si grunngjeving.
– Det er ein kollossalt alvorleg bodskap, og det seier noko om våre prioriteringar når vi deler ut denne prisen.
Årsaker til depresjon
– Dette er både gledeleg og overraskande. Vi driv først og fremst med basalforsking, og kommersialiseringstanken ligg i utgangspunktet fjernt for oss. Difor er vi glade for at denne prisen har vore ein inspirasjon til å tenkje i dei banene, sa han.
– Per i dag har vi inga pille å tilby, men vi har ein del idear, og ein dag vil dei kanskje kome pasientar til gode.
Prosjektet som har vunne prisen, tek utgangspunkt i ny kunnskap om molekylære årsaksmekanismar for unipolar depresjon. Ettersom forskarane har patentsøknader ute, er dei førebels atterhaldne med informasjon om forskingsresultata.
– Vi veit ikkje kva som vil kome ut av dette, men vi vil bruke prisen til å undersøke moglege applikasjonar av resultata våre og etter kvart kanskje skaffe oss partnerar i industrien. På sikt skal alle resultat publiserast. Vi ønskjer ikkje å bli forretningsfolk, vi skal først og fremst vere forskarar, sa Haavik til På Høyden.
– Sjølv om det ikkje skulle kome noko kommersielt ut av dette, vil vi få verdfull innsikt. Dessutan har Bergensregionen trong for nye idear som kan danne grunnlag for arbeidsplassar for dei som blir utdanna innanfor bioteknologi.
ICB-prisen 2005 blir delt ut av Bergen Teknologioverføring, Forinnova og Sarsia Innovation.