Prisutdeling for Kittang

Publisert

Det var ein rørt Atle Kittang som vart tildelt Forskingsrådets pris for framifrå forsking, Møbiusprisen, i ein seremoni i Knut Fægris hus torsdag 27.november.

Prisen er på 500.000 kroner. Kittang fekk også eit kunstverk i glas og ein Møbius-statuett under prisutdelinga som var i regi av Norges Forskningsråd.

Kittang takka Universitetet i Bergen, Hf-fakultetet og ikkje minst kolleger og venner ved Institutt for allmenn litteraturvitenskap, som han framheva som eit svært godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt.

– Eg må vere ærleg å seie at eg vart svært overraska over å få prisen. Dette er ikkje minst ei anerkjenning av litteraturvitskap som vitskap. Som vitskap betrakta kan det vere vanskeleg å finne noko mjukare enn faget vårt, der tolkning utgjer den mjuke kjerna.

Kittang var einig med juryen si vurdering av han som representant for både tradisjon og fornying.
– Eg er ikkje oppteken av trendar, men eg meiner det er viktig å følge med, som det heiter, samstundes er eg ein tradisjonalist som ønsker å halde fast ved det spesifikt litteraturvitskaplege.

Utrendy forsking?

Kittang nytta også takketalen sin til å peike på at måten han har drive si forsking på ikkje er heilt i tråd med tidas fokus på store, tverrfaglege program.

– Eg har nok ikkje dreve forsking heilt i takt med trenden. Eg har med få unntak ikkje ofra forskingstid på å dra i gong store prosjekt. Mi forsking har vore billeg forsking i det små, men, streka Kittang under, det må ikkje tolkast som at eg er motstandar av forsking i store, ressurskrevjande program der det er tenleg. Men dette viser at også denne typen forsking kan vinne fram.


Vald av naturvitarar

I juryen som einstemmig valde Kittang var det berre ein humanist. Han vart vald av tre naturvitarar, ein teolog og berre ein humanist.

– Det er sjeldan at nokon pregar sin generasjon i den grad Kittang har gjort. Mykje av arbeidet hans er kontroversielt, men det er aldri likegyldig. Som ein framifrå forskar skal set han spor etter seg, sa professor i matematikk, Magne Espedal som leia juryen for Møbius-prisen.

Forskingsrådet delte også ut Formidlingsprisen for 2003 under seremonien i Knut Fægris hus. Denne gjekk til Bente Træen, professor i psykologi frå Universitetet i Tromsø for hennar omfattande formidling av forsking om seksualvanar blant ungdom.

Træen sa i si takketale at forskarar burde bli mindre redde for media og sa at ho sjølv har lært seg teknikkar for å styra framstillinga i media. – Eg oppmoder alle til å tenke at dei skal nå ein mottakar som er tolv år, bodskapen må spissast og forenklast, men det er ikkje noko å vere redd for.

Studentar frå Griegakademiet hadde musikalske innslag under seremonien som samla fullt hus.

Powered by Labrador CMS