Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gjennomsnittsalderen for professorar ved norske universitet og høgskular har stige med to år, viser ein ny studie. Eldst er medisinarane.
– Mens gjennomsnittsalderen for professorane var 54,8 år i 2001, hadde den auka til 56,6 år i 2011, sier seniorforskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), Hebe Gunnes. Fleire seniorar – Professorane med høgast gjennomsnittsalder fann vi i 2011 innanfor medisin og helsefag. Dei var yngst innan teknologi, seier Hebe Gunnes til Forskerforum. Professorane sin gjennomsnittsalder har auka med nesten to år. Tusen fleire professorat I perioden har talet på kvinnelege professorar auka frå 13 til 23 prosent. Kvinnene ser ut til å i gjennomsnitt vere litt yngre enn mennene – her gjennomsnittsalderen auka mindre enn hos dei mannlege professorane. Flest kvinner vert førsteamanuensis Talet på førsteamanuensar har auka med om lag 550 personar i løpet av den studerte perioden. Av desse er ein stor majoritet kvinner. I alt 510 kvinner har tiltredd som førsteamanuensis mellom 2001 og 2010.
Talet på professorar som er over 65 år har auka kraftig i tida mellom 2001 og 2011. I 2001 var ti prosent av professorane over 65 år. I 2011 var dette talet auka til tjue prosent, viser studien som NIFU har gjort på oppdrag frå Forskarforbundet.
Sidan 2001 har det totale talet på professorar stige med nesten tusen personar. Talet på kvinnelege professorar har vorte meir enn dobla; talet på kvinnelege professorar har nemleg auka frå 13 til 23 prosent.
– Gjennomsnittsalderen for førsteamanuensane var 49,9 år i 2011. Det er omtrent det same som i 2001, då gjennomsnittsalderen i denne stillingsgruppa var 49,3 år, seier Gunnes.