Marin forsking er eit av UiB sine satsingsområde. Psykologi-dekan Jarle Eid etterlyser eit betre samsvar mellom satsingsområde og område der ein allereie er gode. – Korleis skal ein få fram gode prosjekt som ikkje passar med strategien, spør han. Arkivfoto: Magnus Vabø

– Kor mange satsingsområde skal ein ha?

Publisert

UiB skal satsa på marin forsking, utvikling og klima, heiter det i framlegget til ny strategi. – Passar satsingsområda med til dømes dei klyngene ein vil ha, spør psykologi-dekan Jarle Eid.

– Korleis skal ein få fram gode idear og moglegheiter dersom dei ikkje passar inn i den strategien ein har, spør Jarle Eid, dekan ved Det psykologiske fakultetet.

– Moser-paret passa ikkje ved UiO, men fekk gode vilkår ved NTNU, legg han til.

Kven skal bestemma?
I dag har UiB marin forsking og utviklingsforsking som sine strategiområde. I forslaget til UiB sin nye strategi, som strekkjer seg fram til 2022, heiter det profilområde. I 2022 skal UiB vera eit internasjonalt møtepunkt for noko av verdas beste forsking, utdanning og formidling innan marin vitskap, utviklingsrelatert kunnskap og klima, heiter det i forslaget prorektor Anne Lise Fimreite presenterte i oktober.

– Kor mange satsingsområde kan ein ha? Og dersom noko er profilområde, er resten då ikkje profilområde? spør Eid.

Han viser til University of Torronto som har ein strategi bygd på omgrep: Explore, sustain, build, promote, enable, advance og engage.

– Burde ein snu frå områdefokus til fokus på prosess? spør Eid.

– Då kan forskarane og disiplinane sjølve finna ut kva av deira forsking som passar. Slik det er ved UiB no, er det styret som til slutt definerer kva som skal vera satsingsområde. Då må det verta ganske breie område.

Viser til stjerneprogram
I dag har UiB sju advanced grant-prosjekt frå ERC, som er det europeiske forskingsrådet.  Berre Tron Frede Thingstad sitt prosjekt knytt til organismar i havet kan seiast å passa direkte til satsingsområda. I tillegg har ein eit ERC synergy grant på klima. UiB har no fire senter for framifrå forsking; Birkeland centre for space science, Senter for geobiologi, Centre for cancer biomarkers og Centre for intervention science in maternal and child health. Tidlegare hadde UiB òg Senter for middelalderforsking, Bjerknes-senteret og Senter for integrert petroleumsforsking.

– Dei gode forskingsprosjekta oppstår fordi enkeltforskarar eller grupper ser nye idear og moglegheiter. Korleis skal ein få desse fram dersom dei ikkje passar med strategien, spør Eid, og viser til NTNU og deira stjerneprogram. 17 unge, framifrå forskarar er handplukka for å verta endå betre.

Vil greia ut samanslåing
Jarle Eid er ein av dei som har ivra for at UiB bør greia ut konsekvensane av samanslåing med Høgskolen i Bergen, og meiner at lærar- og helseutdanningane ved utdanningsinstitusjonane i byen burde vore synkroniserte. I dag vert ein til dømes utdanna til barnevernspedagog og sjukepleiar ved HiB – masterprogramma ligg hos UiB. Men universitetsstyret sa nei til å greia ut konsekvensane av samanslåing med høgskulen.

– No ser me at Høgskulen Stord/Haugesund truleg vert universitet saman med Universitetet i Stavanger, og det neste kan verta at HiB og dei mindre høgskulane vert profesjonsuniversitetet for lærarar, helse og ingeniørfag på Vestlandet, seier Eid.

Han seier at han er glad for at universitetsstyret har støtta utvikling av Campus Årstadvollen, der mellom anna tomten med det gamle odontologibygget skal brukast til helseutdanningar.

– Ei slik helseklynge vil kunne inspirere og fremje samarbeid mellom mange fag og forskingsmiljø ved UiB og i regionen. Men dersom UiB skal satsa på klynger, burde alle klyngene vore satsingsområde. Då burde ein satsa på både media, marin, klima, utvikling, kultur og på helse, seier Eid.

– Utfordringa i strategiarbeidet er korleis ein skal mobilisera engasjement. Risikoen er at mange får ei kjensle av oppgittheit eller likegyldigheit dersom dei føler at det dei jobbar med ikkje vert opplevd som relevant, eller at ein ikkje kjenner seg verdsett. Eg meiner at ein har eit større potensiale til samarbeid både innan UiB og med regionen elles enn det ein får vist i dag.

– Har gløymt helse og velferd
Eid leiar eit fakultet der alle institutta i større eller mindre grad jobbar med helsefaglege problemstillingar. Han viser til at det ved alle dei andre fakulteta òg er miljø som jobbar med helse.

– Det er veldig rart at helse ikkje skal vera ei satsing.

– Burde det vera det?

– Eg synest me bør ta diskusjonen. Spør ein byrådet i Bergen om kva område dei brukar mest pengar på, og kva område dei kjem til å bruka mest pengar på i framtida, er det helse, omsorg og sosialtenester. Eit spørsmål me må stilla, er kvifor samfunnet skal finansiera ein institusjon som UiB. Me må svara på samfunnsutfordringane, meiner Eid.

Det samfunnsvitskapelege fakultetet hadde styremøte førre veke, og diskuterte då sin eigen strategi. Økonomiprofessor Jan Erik Askildsen sa då at det er farleg dersom alle strategiområde vert orientert mot Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

– Når det er sagt, det skjer klimaforsking ved SV òg. Men eg er veldig usikker på om ein brukar ressursane på rett måte når ein vil ha så mange satsingsområde. Eg synest det er uklårt kva signal ein sender ut. Kvifor er det akkurat desse tre ein har valt ut? Det er andre felt som òg er viktige, og eg meiner at dersom ein skal ha fleire satsingsområde, er det openbert at ein har gløymt helse og velferd, seier Askildsen til På Høyden.

Askildsen seier som Eid: Helse- og velferdsforsking finn ein på dei fleste fakulteta.

– Eg meiner at satsingsområde bør vera veldig spissa. Viss ikkje, kva vert då konsekvensen? spør han.

– Dersom ein skulle velja eitt satsingsområde, kva burde det vera?

– Det er eit godt spørsmål. Det blå universitetet, kanskje, og då tenkjer eg ikkje politisk. Det kan omfatta havforsking, klima og biologi, men òg antropologi, økonomi og juss, og kanskje helse òg.

Jarle Eid meiner ein bør diskutera om helse skal vera eit profilområde. Arkivfoto: Ida W. Bergstrøm
Jan Erik Askildsen, instituttleiar ved Institutt for økonomi, meiner UiB har for mange profilområde. Men dersom ein skal ha meir enn eitt, meiner han at helse og velferd må inn. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS