Anne Kverneland Bogsnes ser UiB frå utsida. Ho ønskjer seg eit meir spissa universitet, med helse som flaggskip. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Vil ha helse som flaggskip

Publisert

Anne Kverneland Bogsnes ønskjer eit meir spissa universitet, med helse som eit av satsingsområda.

– Det er innan helsesektoren ein har nokre av dei dei dyraste utfordringane som kostar samfunnet mest. Og samstundes står samfunnet overfor store demografiske utfordringar i åra som kjem, seier Anne Kverneland Bogsnes.

NAV-direktøren er tidlegare Helse Bergen-direktør, og sit no som ekstern representant i universitetsstyret. Ho er tydeleg på at ho ønskjer meir satsing på helse.

– Nok med tre område
Psykologi-dekan Jarle Eid har etterlyst ein diskusjon om helse som eitt av UiB sine profilområde. Bogsnes er samd.

– Eg meiner at ein burde vurdera helse inn som eitt av områda ein vil satsa på. Eg meiner ikkje at det skulle vore på bekostning av noko anna, men eg meiner at helse er så viktig at det burde vore med. UiB har allereie viktig kompetanse, mellom anna med fleire Senter for framifrå forsking, og ein har eit godt samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, seier Bogsnes.

– I den nye strategien ligg det forslag til tre profilområde. Bør ein ha inn endå fleire?

– Eg meiner nok eigentleg det held med tre område og satsa skikkeleg på dei. Eg vil ha helse inn i diskusjonen, men eg torer ikkje å seia kva ein skulle valt vekk, seier Bogsnes.

Som ekstern representant i styret ser ho UiB frå utsida. Ho seier at noko av utfordringa er at Universitetet i Bergen ønskjer å vera eit breiddeuniversitetet.
– Det er ein stor og eigen diskusjon, men eg kunne nok ønskja meg ei litt meir spissa satsing, der ein hadde helse som eitt flaggskip.

– Samfunnsansvar
Bogsnes meiner, som Jarle Eid, at UiB burde greia ut samarbeid med Høgskolen i Bergen. Ho er òg positiv til ein helsecampus på Årstadvollen.

– Er det eit paradoks at ein vil satsa på ei helseklynge, men ikkje ha helse inn i strategien?

– Det skal seiast at eg ikkje veit kva som har skjedd med strategisaka etter styret sitt strategiseminar i oktober, me har ikkje hatt nye møte om strategi etter det. Men det står etter mi meining ikkje i samsvar til kvarandre dersom ein skal ha ein stor campus, men inga satsing på helse.

Bogsnes meiner at ved å ha ei tydeleg satsing, kan det òg vera enklare å få pengar over statsbudsjettet.
– Ei satsing på helse kan ein sjå i samanheng med innovasjon og med nye behandlingsformer. Det handlar òg om UiB sitt samfunnsansvar, seier ho.

 

 

Powered by Labrador CMS