Kari Amble og Anne Kverneland Bogsnes ønskjer eit tydelegare UiB. Her saman med Joakim Palme. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Vil finna profilane

Publisert

– Det finst Per Fugelli-ar og Thomas Hylland Eriksen-ar ved UiB òg. Ein må finna dei, og verna dei.

Omdømmeundersøkinga som vart gjennomført i september i år, viser at 70 prosent av dei som svara, ikkje har hatt kontakt med UiB. Dei som deltok, er næringslivsleiarar på Vestlandet.

Undersøkinga var ein del av bakteppet då universitetsstyret samla seg til styreseminar fredag.

Korleis kan ein opna UiB for innspel, råd og påverknad frå samfunnet, og korleis kan ein balansera det omverda forventar med internasjonal grunnforsking?

Det spørsmålet stilte prorektor Anne Lise Fimreite då ho innleia styret sin seminardag. Ho sit òg i gruppa som jobbar med UiB sin profil.

Ifølgje Fimreite handlar det om å vera tydeleg.

– Me må profilera oss og gjera profilen vår synleg. Me må formidla kjerneverksemda vår, og me må òg profilera oss internasjonalt, sa Fimreite.

Vil satsa på helse
I styret sit det fire medlemmer som kjem frå utsida. Dei var tydelegast i kva som bør gjerast for å visa fram universitetet.

– Omdømmeundersøkinga er ganske negativ. Verksemder med godt omdømme er kjenneteikna ved at det er høg kjennskap til dei blant innbyggjarane, dei er tydelege i samfunnsdebatten, dei har kjente arbeidsoppgåver, gjer ein god jobb på sitt område. I tillegg kjem fråver av skandalar. UiB bør satsa svært medvite på merkevarebygging, sa Anne Kverneland Bogsnes.

Ho er fylkesdirektør i NAV Hordaland og har tidlegare mellom anna vore administrerande direktør i Helse Bergen.

I samband med struktur- og fusjonsdebatten, var det vore sagt mykje om klynger. Ein helsecampus på Årstadvollen er noko UiB ser føre seg i framtida.

– Bør helse inn som eit profilområde i UiB sin nye profil? Det synest eg absolutt. Sjå på helse som eit av satsingsområda. Med planane for Årstadvollen har ein alle moglegheiter til å verta helseuniversitetet, sa Bogsnes, som torsdag gjekk inn for å få greidd ut om UiB og HiB bør fusjonera.

Peika på Bogsnes
Nettopp Bogsnes er eit døme å sjå til, meiner Kari Amble. Ho er personleg vara i styret for Oddny Miljeteig.

Den tidlegare journalisten har no permisjon frå stillinga som undervisnings- og informasjonsleiar for Raftostiftelsen.

– Anne var ein profil i Helse Bergen. Det er mange som veit kven ho er, ho torde noko. Samstundes hadde ho eit team bak seg. No har UiB ein rektor som er på veg. Støtt han! Det er mykje jantelov ute og går, sa Amble.

– De som har ein profil i nærleiken, støtt vedkomande. Ein må tora å verna dei og ein må hjelpa dei fram. Universitetet i Oslo har mange kjende namn, som Per Fugelli og Thomas Hylland Eriksen. Men slike profilar finst ved UiB òg.

– Må ta kritikken
– Ein profil er eit spegelbilete av realiteten, sa Johan Fredrik Odfjell.

Næringslivsleiaren har røynsle frå mange ulike verksemder og styre.

– For meg er det to stikkord som er viktige. Det første er prioritering. Det handlar om viljen og motet til å satsa djervt, og om å stilla alt av ressursar i breiaste forstand bak det ein seier ein skal satsa på. Det triste med dette, er at prioritering nokre gonger då betyr å gi nokon mindre ressursar. Då må ein ta kritikken som følgjer med, sa Odfjell.

Han ga universitetsleiinga ros for å i budsjettet for 2015 ha gjennomført det som vert kalla strategikutt.

Det andre stikkordet Odfjell peika på, er kvalitet.

– Det må til, i alle ledd, og ein må stilla større krav til kvalitet enn det som er gjort så langt. Ein må vera villig til å prioritera ved å premiera i vid forstand. Ein må trekkja fram dei områda og dei personane som viser kvalitet utover det som er forventa. Kva er det som gjer at dei evnar dette? Premiane kan vera auka fridom, auka ressursar i vid forstand, nye moglegheiter for karriere og òg auka økonomiske midlar, sa Odfjell.

Styret og universitetsleiarane har styreseminar heile fredag. Programmet finn du her.

Powered by Labrador CMS