Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fredag avlyste UiB all undervisning frå og med klokka 12, og oppmoda studentar og tilsette om å ta helg før orkanen «Tor» kom til byen.
Leiinga valte å la promosjonen i universitetsaulaen gå som normalt, og hadde sørgja for at gjestar, slektningar og doktorar kunne opphalde seg på huset dersom vêret skulle vere for ille.
Heldigvis slo ikkje dei verste meldingane til, og 105 nye doktorar fekk sitt diplom.

– Ein doktorgrad er den høgste utdanninga eit universitet kan tilby. Doktorgradsstudiar gjev berre meining dersom dei blir gjennomførte blant sterke forskingsmiljø, sa Dag Rune Olsen.
I 2015 fekk i alt 246 personer ei doktorgrad ved UiB.
– Å fullføre en doktorgrad krev mykje innsats og stå-på-vilje, sa Dag Rune Olsen i sin tale til dei nykreerte.
Arvid Hallén er UiB-alumn og direktør i Forskingsrådet. Han gratulerte også familiane til doktorane.
– Til alle foreldre: Dette er en dag kor de kan tillate dykk å vere verkeleg stolte av barna dykkar, sa Arvid Hallen.