Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Israelarane Aaron Ciechanover og Avram Hershko, og amerikanaren Irwin Rose, er tildelt Nobelprisen i kjemi for forsking på nedbryting av protein i celler.
Ei menneskecelle inneheld hundretusenvis av ulike protein som fyller viktige funksjonar i cellene. Biokjemien er etter kvart komen langt i å finne ut korleis dei ulike proteina blir produserte i cellene. Årets nobelpris gjeld derimot prosessar som bryt ned proteina.
Dei tre vinnarane, Aaron Ciechanover, Avram Hershko og Irwin Rose, har vist at protein blir brotne ned i ein nøye kontrollert prosess der proteina først får ein molekylær ”merkelapp” som fungerer som døropnar når proteinet når fram til cella sitt ”destruksjonsverk”, der det blir kappa opp og øydelagd. Rett før proteinet går inn i kverna, blir merkelappen fjerna så han kan brukast på nytt.
Arbeidet til dei tre vinnarane gjer det mogleg å forstå, på molekylært nivå, korleis cellene kontrollerer sentrale prosessar ved å bryte ned nokre protein og ikkje andre. Døme kan vere celledeling, DNA-reparasjonar og viktige delar av immunforsvaret. Når protein-nedbrytinga ikkje fungerer, kan det føre til sjukdommar som cystisk fibrose. Takka vere denne kunnskapen er det no von om å utvikle betre medisinar mot denne og andre sjukdommar.
Aaron Ciechanover og Avram Hershko er begge professorar ved Israel Institute of Technology. Irwin Rose tilhøyrer det medisinske fakultetet ved University of California. Arbeidet som leidde til prisen vart utført i slutten av 70-åra og byrjinga av 80-åra. Nobelprisen i kjemi er på 10 mill. svenske kroner, som blir delt likt mellom dei tre.