Publiserer meir

Publisert

NTNU har den største publikasjonsauken av dei tre store universiteta. Men UiB har ein større del nivå 2-publikasjonar.

2036,4. Det er talet som viser kor mange publikasjonspoeng UiB-forskarane produserte i fjor. Talet for 2011 var 1945,8. Publiseringane plasserer UiB som nummer tre, bak NTNU som totalt har 3180,3 poeng og UiO som fekk 4064 poeng.

Men ein større del av UiB sine publikasjonar er på nivå 2, som er det høgste nivået. I Bergen vert 24,6 prosent av dei vitskapelege arbeida trykt i publikasjonar på nivå 2. I Trondheim er talet 21,7, i Oslo 26,4.

Store variasjonar på matnat
– Fleire publikasjonar på nivå 2 er i tråd med strategien vår, seier Dag Rune Olsen.

Dekanen ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet er nøgd med at fakultetet han leiar har publisert meir enn i fjor, og med at nesten ein tredel er i nivå 2-publikasjonar.

Men det er store skilnader mellom institutta. Kjemi går attende med 18 prosent, molekylærbiologi med nesten 43, medan matematisk institutt, IFT og geofysisk er blant dei som går mest fram.

– Både kjemi og molekylærbiologi er små fagmiljø, og ein må rekna med at det kan vera endringar frå år til år. Men eg har ikkje sett tal som tyder på at dei har produsert mindre over tid, seier Olsen.

Han meiner at ein må kunne forventa ein jamnare produksjon hos dei store enn hos dei små.

– All ære til grunnmiljøa
Det samfunnsvitskapelege fakultetet går fram med heile 26,1 prosent frå 2011 til 2012.

– Forskinga går føre seg i grunnmiljø, og publiseringstala vil alltid variera. I 2011 gjekk me noko ned. I 2012 gjekk me meir fram, seier dekan Knut Helland.

– Dette er svært oppmuntrande, og dei som skal ha all ære for dei, er forskarane som jobbar hardt og godt i grunnmiljøa.

Men òg ved SV er det store skilnader mellom institutta. Sosiologisk institutt har ein auke på 178 prosent, Institutt for samanliknande politikk aukar med 57,8.

– Nokre av fagmiljøa våre er små, og difor vil publiseringstala variera frå år til år. Men me har merksemda retta mot publisering, og prøver å leggja til rette for det, seier Helland.

Dekanen seier at ein annan indikator på at det vert jobba godt i grunnmiljøa ved fakultetet, er dei gode søkjartala frå samordna opptak. Fakultetet har ti prosent fleire søkjarar enn i fjor, og mange fag har stor auke i talet på søkjarar. Informasjonsvitskap har ein auke på 62 prosent, sosiologi 23,1 prosent.

Nedgang hos HF
Det humanistiske fakultetet har ein tilbakegang på 9,5 prosent. I fakultetsstyremøtet for eit par veker sidan kalla dekan Gjert Kristoffersen resultatet nedslåande.

– Me hadde eit ørlite fall i 2011 og altså eit fall på ti prosent i 2012. Det er vanskeleg å seia kva det kjem av, seier Kristoffersen.

Dekanen understrekar at fallet kan vera naturleg. Publiseringa for den einskilde forskaren går i bølgjer.

– Men HF er eit stort fakultet, og ein skulle tru at dei individuelle bølgjene vart jamna ut. Det uroar meg litt, seier Kristoffersen.

Det er tilbakegang alle stader, i prosent mest hos Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, Institutt for framandspråk og Senter for kvinne og kjønnsforsking.

– Eg har stilt spørsmål ved om alt som skal registrerast vert registerert. Instituttleiarane meiner at dette er på plass, sa Kristoffersen i fakultetsstyret.

Der nemnde han òg ordet «publiseringssperre».

– Kva er det?

– Dei som er tilsett i vitskapelege stillingar skal forska, og når ein forskar, skal ein òg publisera. Dersom ein ikkje gjer det, er det årsaker til at det ikkje skjer. Å senda frå seg ein artikkel er ofte ein einsam ting – ved HF skriv me gjerne åleine. Å verta refusert er noko dei fleste opplever i løpet av karrieren, men det er aldri kjekt. Kanskje særleg for dei yngre forskarane, som ikkje har vorte hardhuda nok. Då kan ein refusjon vera nok til at ein ikkje sender inn fleire artiklar, seier Kristoffersen, og understrekar at han spekulerer.

– Me har ikkje sikre tal på kven som ikkje publiserer, og eg har ikkje noko solid grunnlag for å meina at denne nedgangen representerer starten på eit langvarig problem.

25 prosent fekk Fagerbergmidlar
Det siste året har om lag 25 prosent av dei vitskapeleg tilsette ved HF fått Fagerbergmidlar. Dette er midlar ein får dersom ein har fått minst eitt publikasjonspoeng kvart år dei tre siste åra. Rektoratet tok til orde for dette i nyttårshelsinga si ved inngangen til 2012, og rektor Sigmund Grønmo gjentok dette i universitetsstyremøtet i februar i år. Pengane skal brukast til faglege aktivitetar, som til dømes deltaking på og reise til konferansar og innkjøp av relevent litteratur.

Grønmo sa i februar at eitt poeng i året er eit ganske mildt krav.

– Mitt prinsipielle syn er at våre tilsette skal dokumentera at dei forskar. Forskarar som er aktive på å publisera kan ha opp mot 20 publikasjonspoeng i året, argumenterte Grønmo.

– Eg er nøgd med denne framgangen for UiB samla sett, spesielt at me har ein så stor del nivå 2-publiseringar. Ambisjonen har vore at dei vitskapeleg tilsette skal ha minst eitt publikasjonspoeng kvart år i gjennomsnitt, seier Grønmo no.

Han seier at ein må leva med at publiseringstala svingar noko frå år til år. Men rektor vil sjå nærare på dei fakulteta som har ein tilbakegang.

– Fakulteta må vurdera om det kan vera spesielle årsaker til tilbakegangen, og om det er spesielle tiltak som kan setjast i verk for å styrka publiseringa, seier Grønmo.

Nokre institutt har ein stor framgang  - andre går mykje tilbake.

– Me må vurdera om dette er svingingar frå år til år, eller om det er uttrykk for ei meir langsiktig utvikling. I nokre tilfelle kan nedgangen i publisering skuldast at undervisning- og rettleiingsoppgåvene vert så omfattande at det går ut over dei tilsette si tid til forsking, eller at dei tilsette har for lite midlar til forsking. Då vert det eit særleg leiaransvar å prøva å gjera vilkåra for forskinga betre, seier Grønmo.

Usikker på om gulrøtene fungerer
Grønmo meiner at den auka publiseringa er eit teikn på at belønningsordninga fungerer. Dekanane er ikkje heilt sikre på om dei er samde. 
– Personleg er eg skeptisk til personlege belønningsordningar. Eg er heller ikkje sikker på om pengar er det som fungerer best. No har institutta ganske god økonomi, og er i stand til å støtta forskarane med det dei treng, seier Kristoffersen.

Han meiner at det er dei faglege leiarane si oppgåve å stimulera til både forsking og publisering.

Fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet har vedteke at av dei resultatinntektene som vert gitt frå departementet skal 25 prosent verta vidareført til institutta.

– Det er viktig å få dei resultatsbaserte midlane ut til dei ulike einingane, seier Dag Rune Olsen.

Han er meir usikker på om Fagerbergmidlane fungerer.

– Eg trur nok ordninga kan stimulera teoretiske fag. Men eg har snakka med instituttleiarane her hos oss om kva det kostar å få produsert ein artikkel. For nokre er det snakk om kostnader opp mot ein halv million kroner. Då er ikkje 20 000 kroner så mykje.

– Eg trur Fagerbergmidlane kan ha ein viktig verknad: Forskarane vert ivrigare til å registrera arbeida sine, og me har fått betre rutinar for kvalitetssikring av registreringar ved institusjonen. Ein skal ikkje sjå vekk frå at ei slik ordning kan gi utslag i større produksjon i seg sjølv, men førebels er ordninga for ny til at eg trur ein ser dei direkte utslaga. Publisering tek tid, seier Helland.

Publiserer meir

Publiseringa vert delt inn i nivå 1 og 2, der nivå 2 er det høgste. Kva som er nivå1-kanalar vert bestemt av Universitets- og høgskolerådet sitt publiseringsutval, medan kva som er godkjende nivå 2-kanalar vert bestemt av dei nasjonale fagråda.

For ein artikkel i eit nivå 1-tidsskrift får ein eitt poeng, medan ein artikkel i eit nivå 2-tidsskrift gir tre poeng. Ein vitskaplege monografi gir fem poeng på nivå 1 og åtte poeng på nivå 2. eit kapittel i ein antologi gir 0,7 poeng på nivå 1 og eitt poeng på nivå 2.

Målet ved UiB er at alle vitskapeleg tilsette skal få eitt publikasjonspoeng i året.

Publikasjonspoeng i 2012:

Universitetsmuseet:
2011:37,3
2012: 49,3
Auke: 32,3 prosent

UB:
2011: 4,2
2012: 1,3
Reduksjon: 69,5 prosent

Senter:
2011: 3,4
2012: 1,9
Reduksjon: 42,9 prosent

Sentraladministrasjon:
2011: 2,1
2012: 1,9
Reduksjon: 7,2 prosent

SV:
2011: 211,9
2012: 267,2
Auke: 26,1 prosent

Psyk fak:
2011: 191,2
2012: 186,5
Reduksjon: 2,4 prosent

MOF:
2011: 383
2012: 412,7
Auke: 7,8 prosent

Mat.nat:
2011: 598,5
2012: 646,6
Auke: 8 prosent

Juss:
2011: 78,9
2012: 70,3
Reduksjon: 10,8 prosent

HF:
2011:434,2
2012: 393,2
Reduksjon: 9,5 prosent

Uspesifisert eining:
2011: 1,2
2012: 5,4
Auke: 353 prosent

Kjelde: Database for høgare utdanning 

Powered by Labrador CMS