Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For at bergensarane skulle få kammar til å gre seg med dreiv dei truleg storjakt på reinsdyr på Sumtangen på Hardangervidda i mellomalderen. DNA-testing av reinsdyrbein skal no gje ny kunnskap om jakting på høgfjellet i jern- og mellomalderen – og om kvar desse reinsdyra vart frakta.
For første gong sidan 1970-talet har forskarar frå Bergen Museum, UiB, gjort utgravingar på Sumtangen på Hardangervidda. Det isolerte området nær Hardangerjøkulen er eit av dei få områda i Noreg der det har vore busetjing 8000 år tilbake. I årbok for Bergen Museum 2003 som nyss er publisert får vi høyre om ulike teoriar som har vore lansert om aktiviteten på Sumtangen. Sørbu er nokre hundre år eldre enn Austbu. Ein trur no altså at reinsdyra vart slakta, ikkje berre for kjøtet og skinnet sin del, men for å nytte gevira til kammar. Dette blir grunna med at i den eldste bua ligg det meste av gevira att, medan dei beste stykka er avsaga og frakta bort i den yngste bua, som truleg er frå slutten av 1200-talet eller byrjinga av 1300-talet. Alderen på beina som er gravne opp på Sumtangen no er nokså sikkert middelalder før svartedauden. Til sommaren er det planar om å dykke i vatnet rundt tangen for å sjå etter spor etter drivfangst. Sumtangen-prosjektet under Bergen Museum er også ein del av eit større internasjonalt prosjekt på villrein i nord-Europa, under Norges Forskingsråd. Med gentesting kan ein seie noko om kva reinsdyrbestand beina kjem frå og i kor stor grad tamrein er blanda inn i stammen. Vidare vil forskarane finne ut korleis kjønnsfordelinga har vore i reinsdyrflokken, om trekkrutene for reinsdyr har endra seg, og ut frå metriske og morfologiske undersøkingar finne ut om reinen var større eller mindre i middelalderen enn no.
– Etter årets undersøkingar trur vi at massejakt på rein rundt år 1000 mellom anna skuldast kamproduksjon i Bergen, seier Anne Karin Hufthammer som er osteolog (spesialist på beinmateriale). Saman med arkeologen Svein Indrelid, også Bergen Museum, har ho forska på Sumtangen sidan 1970-talet. Sommaren 2004 grov dei i to ulike lokalitetar på Sumtangen, i dei to buplassane Austbu og Sørbu.
Kan truleg knyttast til Bergen
– Vi veit ikkje om dei store kjøtmengdene frå denne fangsten vart konsumert i lokalsamfunna kring Hardangervidda, eller om det også var handelsvare. Men av skriftlege dokument frå Bergen frå slutten av 1200-talet veit vi at det vart drive handel med reinsdyrskinn. I byvedtektene for Bergen frå 1282 er det nemnt kam-makarar, og kammar frå denne tida er funne ved utgravingane på Bryggen. Mange av dei er laga av reinsdyrgevir.
Før svartedauden
– Det vi mellom anna ønskjer å finne ut er om alle desse reinsdyra, truleg rundt tusen i talet, vart drepne over ein kort eller lang periode. Det mest interessante funnet vil vere om det viser seg at folk har jakta intenst over ein kort periode. Då blir neste skritt å finne ut kva det var som skapte slike brå skifte. Vi trur altså at jakta kan knyttast til eksport til byar, ikkje minst fordi det tidlegare har blitt funne gjenstandar med runeinnskrifter på Sumtangen.
- Det er rimeleg å tru at det var byfolk som kunne lese og skrive, og ikkje lokale jegarar. Vi vil også prøve å finne ut kvifor så mykje bein ligg att. Det kan fortelje noko om slaktemetodar og kva jegrane frakta med seg ned frå fjellet, seier Svein Indrelid. Beinmaterialet skal no C-14 daterast for å finne ut kor gammalt det er. I tillegg skal ein genteste deler av materialet.
Internasjonalt villreinprosjekt
Gentestinga kan dermed også ha konsekvensar for viltforvaltninga i dag gjennom å identifisere ulike reinsdyrstammar. DNA-testing av materiale mellom anna frå Danmark, Nord-Tyskland, Skottland og Hebridene skal også syne om ”norsk” rein, eller kammar laga i Bergen av gevir frå Sumtangen, har vore eksportert.
– No vil vi til bunns i alle spørsmåla som framleis står uløyste rundt busetjinga og jakting på Sumtangen. Forskinga som har vore til no har vore for fragmentert og ved hjelp av DNA-teknikk kan vi komme mykje lengre enn før, også djupare inn i det kulturhistoriske, seier Anne Karin Hufthammer.
Viktig kulturhistorisk kunnskap er å få brakt på det reine om brukte båtar og drap dyra i vatnet. Forskarane vil også utforske andre hustufter på Hardangervidda som vart nytta til jakt å fiske i stein-, jern- og meiddelalderen.
- Det finst i alt 14-15 slike tufter, og vi må også sjå på desse om vi skal finne ut alt om reinjakta på Hardangervidda i denne perioden, avsluttar Svein Indrelid.