Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ti afrikanske land som grenser til Nilen samarbeider med Universitetet i Bergen om eit omfattande forskingsprosjekt. Forholdet mellom natur og kultur i Nilbassenget er fokus for prosjektet som truleg vil ta til i 2005.
- Vi er glade for at vi no endeleg ser ut til å få prosjektet i gang. Dette vil vere viktig for å styrke forskingsinnsatsen i regionen, seier Hamere Wondimu frå sekretariatet til Nile Basin Initiative i Entebbe, Uganda. I tre år har koordinator Kjell Pettersen ved Internasjonalt kontor og Andreas Steigen direktør ved Senter for miljø- og ressurstudier jobba med å organisere det nye, forskingsprogrammet på Nilen. Det har ei årleg ramme på omlag 15 millionar norske kroner. Etiopia, Kenya, Uganda, Kongo, Rwanda, Burundi, Sudan, Egypt og Tanzania, etter kvart også Eritrea, deltek saman med forskarar frå UiB. - Idéen er at det kan ha noko godt for seg å flytte forskarane ut av regionen, slik at dei kan få forske i fred. Det er mykje uro i området, og nokre av deltakarlanda er i krig med kvarandre. Vi ønskjer å bygge tillit gjennom samarbeid, ikkje minst ut frå tanken at akademikarar i desse landa ofta sit mykje nærare makta enn vi er vane med herifrå, seier Kjell Pettersen. Rammene er altså på plass. Neste steg er å få endeleg godkjenning frå sør og frå norsk UD. Det er gjeve tilsagn på fullfinansiering i tre år. Initiativtakarane håpar no at også dei tunge fagmiljøa, særleg innanfor mat.nat. og helse vil fatte interesse for prosjektet, i tillegg til dei fagmiljøa som tradisjonelt har vore involvert i regionen.
Saman med ei rekkje nasjonale koordinatorar innanfor Nile Basin Initiative vitja ho Bergen i førre veke for å skrive ferdig grunnlagsdokumentet til Nile Basin Research Project (NBRP) som er ein del av det verdsbankstøtta Nile Basin Initiative.
Utradisjonelt prosjekt
I Nilregionen bur det 300 millionar menneske, om lag like mange som i heile Europa. Prosjektet skal famne breitt, frå naturvitskap til humaniora. Det blir likevel særskilt fokus på knappe ressursar, miljø og klima, vatn og helse, sosioøkonomiske aspekt i Nilbassenget og stat-samfunn-interaksjon i området.
UiB har allereie mykje forskingsaktivitet på emne knytt til Nilen. Meininga med prosjektet er å bygge opp kompetanse og kapasitet innanfor utdanning i nil-landa. Det som skil dette prosjektet frå dei fleste andre NORAD og UD-støtta program er at eit norsk universitet ”eig” prosjektet saman med landa i sør, og er vertskap. Tjue forskarar frå Nil-landa, to frå kvert deltakarland, får høve til å komme til UiB frå tre til ni månader kvart år programmet varar.
Tillit gjennom samarbeid
No håpar dei som står bak prosjektet også at det skal bidra til å betre forskingssamarbeidet i regionen.
- Slik det er i dag er det ofte lite kontakt mellom dei som er innanfor same felt, og det er også mykje å gå på når det gjeld å utvikle tverrfaglege studier. Det er svært viktig å få betre kontakt mellom forskarane i dei ulike landa, ikkje minst fordi vi snakkar om transnasjonale ressursar, seier Kjell Pettersen. Han streker undar at initiativet frå UiB heile tida har hatt solid støtte i sør.
Treng engasjerte forskarar
- Vi ønskjer ikkje at Nil-forsking skal bli noko for ei eksklusiv gruppe. Skal dette ta av må det vere fagfolk som er interessert i å gjere det til ein del av den vanlege verksemda, avsluttar Pettersen.