høgskulen i volda

Ramsalt kritikk av direktøren. Styret stiller spørsmål ved pengeoverføringar

Høgskulen i Volda flytta pengar frå høgskulen til ein lokal næringshage. Høgskulestyret har stilt spørsmål ved avtalen, og er på ingen måte nøgde med svara det har fått frå høgskuledirektøren. 

Styret bad om ein pause for å jobba fram forslag til vedtak. Nokre meinte i utgangspunktet at ein skulle be om ei ekstern gransking, andre at ein skulle seia opp avtalen med kulturnæringshagen.
Publisert Oppdatert

Saka er oppdatert. Sjå nedst på sida.

Volda (Khrono): Har Høgskulen i Volda, nærare bestemt Avdeling for kulturfag, flytta pengar ut frå høgskulen for å unngå regelen om at avsetnader ikkje skal vera på meir enn fem prosent? Er det greitt ikkje å følgja eit styrevedtak, og er det i det heile teke greitt å senda pengar ut av høgskulen for å finansiera framtidig forsking- og undervisningsaktivitet?

Desse spørsmåla vart drøfta i styret ved Høgskulen i Volda 7. mai. Tittelen på styresaka var «Orientering om avtale mellom Sunnmøre kulturnæringshage AS og Avdeling for kulturfag».

Som Khrono skreiv før møtet, er ikkje rektor Odd Helge Mjellem Tonheim samd i direktør Ann Kristin Emblem si framstilling av saka. Han opna sakshandsaminga i møtet med å forklara kvifor:

— Eg ønskjer å signalisera at eg ikkje er nøgd med den utgreiinga som er gjort. Eg har stilt mange spørsmål i denne saka, men eg opplever at det er vanskeleg å få gode svar og eg opplever at svara endrar seg. Svara eg får er korte, og går stort sett på at direktør har kontroll. Det gjer det svært vanskeleg, eller umogleg, å ha tilsynsansvar, slik rektor skal ha, sa Tonheim i styremøtet.

Som Khrono har skrive, har eit einstemmig høgskulestyre vedteke at høgskuledirektør Ann Kristin Emblem misser jobben. Emblem har ikkje fått ein sluttavtale, og har seks månaders oppseiingstid.

Gjekk i pluss

Kjernen i saka er at det er overført om lag 2,5 millionar kroner frå Avdeling for kulturfag til Sunnmøre kulturnæringshage. Det viser kvitteringar Khrono har fått innsyn i.

I oktober 2021 vart det underteikna ein avtale mellom avdelinga og Sunnmøre kulturnæringshage. Avtalen gjeld prosjektet «Innovasjon og arbeidslivsrelevans IOA». 

I avtaleteksten heiter det at prosjektet skal styrka innovasjon og arbeidslivsrelevans. Samla budsjett for åra 2021, 2022 og 2023 er 2,5 millionar kroner, og det skal mellom anna brukast 300.000 kroner på reising, 460.000 kroner på nettverksarbeid og 340.000 kroner på «andre aktivitetar».

I avtalen heiter det at høgskulen skal betala halve summen i desember 2021. Dette vart gjort, viser ei rekning som Khrono har fått innsyn i. Den er datert 21. desember 2021, er på 1,285 millionar kroner, og rekninga er merka med «prosjekttilskot praksis-oppdrag-entreprenørskap i medie- og kulturfag. Herunder Fou knytta til praktisk-estetiske fag».

I årsrekneskapen for den aktuelle avdelinga for 2022 står det følgjande: «Avdelinga reduserte sine avsetningar ytterlegare i 2021, frå 2293’ til 708’.’ Estimerte avsetningar på avdelingsnivå pr. 31.12.22 er kr. 687’».

— Styret har tidlegare gjort vedtak om inndraging av avsetnader som er over fem prosent. Dersom ein har større avsetnader enn det, skal dei gjerast tilgjengeleg for styret. I praksis er dette midlar til framtidige investeringar. Summen som er overført, er forbausande nær det ein måtte betalt. Er det faktisk OK å halda seg så lausleg til eit styrevedtak, spurde rektor i styremøtet.

Meiner styret skulle vore informert

Han fekk støtte frå fleire styremedlemmer.

— Ein omgår eit styrevedtak. Og dersom ein meinte at det var naudsynt å omgå femprosentregelen, burde styret fått det på sitt bord, sa Randi Bergem.

— Det burde vore skrive ein avtale først, som skulle vore lagt fram for styret, sidan pengar skulle førast ut av høgskulen. Her er det ikkje snakk om boa-inntekter, men ein har derimot klart å få boa-utgifter — stikk motsett av det som er intensjonen, sa Bjørn Gunnar Tafjord.

Boa står for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitetar.

— Intensjonen var å stimulera til forsking og utvikling. Det kan me slutta oss til at er ein god intensjon. Men eg stussar på at det står «andre med tilknytning til avdelinga». Kven er det? Og korleis og på kva måte har det vorte auka FoU? Har det vorte meir publisering, spurde Per Halse.

I saksframstillinga frå høgskuledirektøren heiter det mellom anna:

«Med små ressursar — både økonomisk og ikkje minst personalmessig — har det tradisjonelt vore vanskeleg å få gjennomført planlagt FOU-aktivitet innanfor dei tidsrammene som er sett. Det er forståeleg at leiinga ved AKF (Avdeling for kultrfag, red.merkn.) har hatt eitt ønske om å ivareta desse midlane for komande år, sjølv om det ikkje er lagt opp slik, ved innføring av 5 %-regelen på avdelingsnivå ved HVO (Høgskulen i Volda, red. merkn.). Alternativt ville eit overskot ut over 5 % ved AKF resultert i auka overføring til investeringar; les Hans Strøm-prosjektet. Ein kan ikkje sjå at dette er direkte i strid med nokon «5 %-regel». Det er ikkje er innført nokon kontroll/avgrensing av eksempelvis dekanane sine disposisjonar gjennom år. Det blir ikkje gjort ei vurdering av type kostnader/investeringar eller størrelsen på desse, eller om desse i det heile er nødvendige eller «verdige» nok.»

Reagerer på bruk av hermeteikn

Khrono har tidlegare skrive at tilsette leverte ei fråsegn då det vart kjent at Unni Hagen hadde søkt nytt åremål som dekan ved Avdeling for kulturfag. I saksframstillinga til styret kjem det fram at det var i samband med denne fråsegna at samarbeidet med kulturnæringshagen vart undersøkt.

— Økonomisjef og direktør har gått gjennom tilgjengeleg materiale med tanke på økonomiske, lovmessige og juridiske forhold. Det er ikkje funne avvik frå gjeldande regler eller rammer, heiter det i saksframstillinga.

Det vert òg sagt at midlane frå Avdeling for kulturfag var ikkje naudsynte for å realisera Hans Strøm-prosjektet.

— Betyr dette at andre avdelingar har ytt meir, spurde Per Halse.

— Eg undrar meg òg over at det står «saka», sa han.

— Kritikkverdig

Eit einstemmig styre vedtok at styreleiar skal legga fram ei sak på neste møte der dei får all dokumentasjon i saka: Avtalar, transaksjonar, timelister, organisering av roller og ansvar, skildring av kva som er levert og kva som er oppnådd av auka FoU-aktivitet.

— Meiner de at det har gått føre seg noko ulovleg?

— Me har ikkje fått nok informasjon til å kunne vurdera det. Me treng ei skikkeleg utgreiing, seier styremedlem Silje Louise Dahl til Khrono etter møtet.

— Det er skilnad på å bryta norsk lov og å ikkje følgja eit styrevedtak. Å ikkje følgja eit styrevedtak er alvorleg og kritikkverdig, men det er ikkje eit brot med norsk lov, seier styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord.

Endringslogg.
7. mai 2024: Khrono skreiv først at den omstridde avtalen gjaldt prosjektet Praksis-Oppdrag-Entreprenørskap i medie- og kulturfag. Det korrekte er at han gjeld prosjektet Innovasjon og arbeidslivsrelevans IOA.

Powered by Labrador CMS