Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
NTNU i Trondheim er på 136. plass mellom dei universiteta i verda som er mest synlege på nett. UiB fylgjer på 154. plass, medan UiO plasserer seg som nummer 167.
Dei nye tala frå Webometrics er klare. Dei viser at i Norden kjem NTNU på tredjeplass etter Københavns Universitet og Lunds universitet. Trondheimsuniversitetet klatrar opp seks plassar på verdsstatistikken samanlikna med den førre målinga frå det spanske rankingbyrået Webometrics. Det gir NTNU ein 38. plass i Europa, medan UiB og UiO kjem på høvesvis 47. plass og 53.plass. Universitetet i Tromsø er nummer 183 i Europa.
UiO ramlar ned 64 plassar samanlikna med målinga til Webometrics frå juli i fjor. Det er interessant å merka seg at Karolinska Institutet i Sverige får ei dårlegare plassering enn NTNU, og berre ligg 13 plassar over UiO. Helsingfors universitet som mange gonger har tatt førsteplassen i Norden på denne målinga, må denne gongen ta til takke med å bli nummer 60 i Europa. I Norden kjem universitetet på tiandeplass, rett bak UiO på niandeplass.
Den siste rangeringa blei publisert før helga, og den er den første av dei to årlege rangeringane frå den spanske forskingsgruppa. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.
Harvard og MiT best
Det er dei to amerikanske toppuniversiteta Harvard og Massachusetts Institute of Technology (MiT) som tar dei to øvste pallane på verdsrangeringa, tett fylgde av Stanford University på tredjeplass. Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på 10. plass i verda med rivalen University of Oxford på 11. plass. Først på 29. plass kjem det første universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Det er Sao Paulo-universitetet i Brasil.