Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet. Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.
Det er Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki som gjer det best av dei nordiske universiteta på den siste rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til Spanias forskingsråd. På tredjeplass kjem Universitetet i Oslo, før dei svenske universiteta Uppsala universitet og Lunds universitet kjem på fjerde- og femteplass i Norden. I rangeringa som blei publisert i januar, var det UiO som tok førsteplassen i Norden. No må det altså sjå seg slutt av universiteta i København og i Helsinki, skriv Uniforum.
Heilt øvst på lista over verdas aller mest synlege universitet på nett ligg Harvard University, Stanford University, Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Berkeley-universitetet i USA. På topp i Europa ligg University of Oxford, som tar sjuandeplassen på verdsrankinga. University of Cambridge tar andreplassen i Europa, medan University College London kjem på tredjeplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH/Swiss Federal Institute of Technology Zürich i Sveits. Det er på ein 34.-plass på verdsstatistikken og nummer fire i Europa.
Førsteplassen i Norden gir Københavns Universitet ein 13.-plass i Europa, medan Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo kjem på 15.- og 18.-plass. På verdsrangeringa plasserer UiO seg som nummer 96. I januarmålinga kom UiO på ein tolvteplass i Europa og på ein 83.-plass i verda.
Les meir: Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden
På denne rangeringa kjem Karolinska Institutet i Stockholm på 43.-plass i Europa, 20 og 19 plassar bak Uppsala universitet og Lunds universitet.
Av dei norske universiteta finn me NTNU på 67.-plass i Europa, medan Universitetet i Bergen ligg som nummer 73. Universitet i Tromsø/Noregs arktiske universitet hamnar som nummer 204 i Europa.