Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Oslo er nummer 62 i verda på årets Shanghai-rangering. På topp ligg dei to amerikanske universiteta Harvard og Stanford og University of Cambridge.
Universitetet i Oslo tangerer med 62.-plassen fjorårsresultatet på Shanghai-rangeringa, som offisielt ber namnet Academic Ranking of World Universities.
Det gir UiO ein nittandeplass i Europa. I Norden kjem universitetet på fjerdeplass bak Københavns Universitet, Karolinska Institutet og Universitetet i Helsinki. Københavns Universitet tar til og med ein imponerande 29.-plass i verda.
UiO-rektor Svein Stølen er godt nøgd med både UiOs resultat på denne rangeringa og på tidlegare rangeringar:
– Alle rangeringane og fagevalueringane er konsistente. Me held eit høgt internasjonalt nivå,og det er me svært glade for. Denne rangeringa stadfestar dette biletet og er svært hyggeleg, kommenterer han både i Uniforum og i Rektorbloggen. Stølen viser at andre gode nyhende byggjer opp under dette.
– Det er ikkje tilfeldig at me nyleg fekk 6 ERC starting grants. Det var berre nok ei stadfesting, slår han fast.
Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet kan notera seg at denne gongen endar Institutet på plass nummer 44 i verda. Det er også første gongen at Karolinska er vurdert i denne rangeringa etter at han begynte som rektor der i fjor sommar.
Noregs største universitet, NTNU, kjem på ein plass mellom nummer 101 og 150. Universitetet i Bergen ligg mellom nummer 201 og 300. Ingen andre norske universitet er med på lista over verdas 500 beste universitet. Det var i 2015 at NTNU rykka frå UiB, og gjekk opp med noko under 100 plassar. Grafen for UiB går derimot nedover, og universitetet ser no til å liggje nærare 300. plass innanfor spekteret frå 201 til 300.
I denne rangeringa blir universiteta mellom anna vurderte etter kor mange vitskaplege artiklar forskarane deira har hatt i publikasjonar som Nature, Science og andre vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg. Også kor mange nobelprisar og Fieldsmedaljar i matematikk institusjonen sine forskarar eller tidlegare studentar har fått, tel med i denne rangeringa. Også kor mykje kvar forskar på ein institusjon i gjennomsnitt yter av ulike former for forsking, er rekna med i vurderinga.