Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Informatikk, informasjonsvitskap og andre IKT-miljø ved UiB skal samlast.
Det er tilrådinga frå ei arbeidsgruppa som har jobba med å «styrke og konsentrere universitetets IKT-satsing på utdanning, forsking og infrastruktur». Målet er å utvikle tverrfaglege studietilbod.
– Når folk går saman i eit fagfellesskap vil ein naturleg finne problemstillingane ein bør samarbeide om, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal. Ho har leia arbeidsgruppa, som har bestått av representantar frå institutt og fakultet som skal gå inn arbeidet med å utvikle nye studiepogram.
Ifølgje rapporten er det rom for sterkare samarbeid mellom dei ulike IKT-faglege miljøa – og dette «omfatter først og fremst informatikk og informasjonsvitenskap». For å få dette til, må dei samlast i same lokale. «En samlokalisering må omfatte informatikk og informasjonsvitenskap, men også andre miljøer bør vurderes», heiter det i rapporten.
Det er uttrykt håp om at Media City kan huse IKT-faga i framtida, men det er uavklart om dette let seg realisere.
– Det er fagmiljøa sjølv som må arbeide fram dei tverrfaglege IKT-programma og sjå på det næringslivet etterspør, seier Samdal.
Universitetet i Bergen (UiB) har ulike informasjonsteknologiske fagmiljø og utdanningstilbod. Blant desse er fleire knytt til Institutt for Informatikk, som høyrer til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.
Informasjonsvitenskap oppstod på HF, og i 1972 vart den første professoren tilsett, då i eit eige institutt under HF og SV-fakultetet. Sidan 2004 har Informasjonsvitenskap vore ein del av Institutt for Informasjons- og medievitenskap.
Fleire fagleg tilsette i informasjonsvitskap har lenge tatt til orde for ei samanslåing med Informatikk.
Under Det humanistiske fakultet ligg faget Digital kultur som særleg knyter seg til estetiske og kulturelle sider ved teknologien.
– Vi meiner vi har ei solid forankring i fagmiljøa. I arbeidsgruppa har vi hatt med dekanar og instituttleiarar frå alle institutta og fakulteta som går inn i dette, seier Samdal.
Når fagmiljøa flyttar saman, håper UiBs arbeidsgruppe at studieprogramma skal utvikle «større bredde innen fagområdet», utvikle tverrfaglige studieprogram og legge til rette for IKT og digtalisering blant «frie studiepoeng» i andre studieprogram som opnar for. Dessutan skal UiB sjå nærare på korleis IKT kan integrerast i alle program. «Alle studenter som gjennomfører et studieprogram ved UiB må sikres en grunnleggende digital kompetanse», heiter det i rapporten.